Møre og Romsdal fylkeskommune invitert inn i OECD-prosjekt
OECD og den Europeiske kommisjonen CCRI har invitert Møre og Romsdal fylkeskommune med i eit prosjekt for å få opp farten på sirkulær omstilling i Europa. Fylket deltar i eit eksklusivt selskap av europeiske byar og regionar.
Samarbeidsprosjektet skal kartlegge korleis Møre og Romsdal ligg an i arbeidet med å omstille seg til ein meir sirkulær økonomi, med langvarig bruk, gjenbruk og ombruk av ressursane vi har og reduksjon av avfall, utslepp og energibruk. Fylket er i godt selskap med byar og regionar som Strasbourg, Berlin og Zuid Holland (NL).
Målet er å få fram konkrete og praktiske anbefalingar for korleis fylket kan omstille seg, i raskare tempo.
- Vi gleder oss stort over å bli med i dette samarbeidsprosjektet. Fylkeskommunen har sett seg ambisiøse mål innan sirkulær økonomi, og dette kan bidra til å akselerere arbeidet. Det vil ha stor verdi for heile fylket å få bistand og anbefalingar frå eit viktig internasjonalt fagmiljø med høg kompetanse på området, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
Berekraftig verdiskaping
Både EU, nasjonale myndigheiter og fylkeskommunen har uttalte mål om å fremme ein meir sirkulær økonomi. Ein økonomi der ein legg vekt på sirkulære kretsløp, kvalitet, reparasjon og ombruk har potensiale til å skape mange nye arbeidsplassar og stimulere næringsutvikling lokalt og regionalt. Det vil også redusere ressursforbruk og klimafotavtrykk. Og potensialet er stort: Berekningar viser at Noreg er 2,4 % sirkulært, og mest sannsynleg er snittet likt for Møre og Romsdal.
- Det betyr at vi har stort forbetringspotensial! Og det er nettopp dette potensialet OECD skal utforske saman med oss. Kor vi står no, og korleis bør vi rigge oss for å få fart på den sirkulære omstillinga slik at vi kan bruke ressursane våre betre og meir effektivt, fortel prosjektleiar frå seksjon for berekraftig utvikling, Solveig Stornes.
Viser resultat
Alle kommunane i fylket har gjennom prosjektet Berekraftfylket Møre og Romsdal kartlagt status på berekraft. Der kom det fram at fylket har eit stort forbetringspotensial innan avfallshandtering og avfallsreduksjon. Derfor blei sirkulær økonomi eit satsingsområde for prosjektet.
- Vi har jobba over lengre tid med sirkulær økonomi gjennom “Berekraftfylket Møre og Romsdal”. I fjor blei vi del av EU-prosjektet Circular Cities and Regions Initiative (CCRI), og det er nettopp derfor OECD har invitert oss med. Det understrekar verdien av å delta i ulike internasjonale forum, og at det systematiske arbeidet som kommunane, fylkeskommunen og statsforvaltaren har lagt ned i Berekraftfylket Møre og Romsdal gir positive resultat.
Vil intervjue regionale aktørar
OECD-prosjektet har oppstart hausten 2023. Fram mot november vil fylkeskommunen starte ei kartlegging i regionen, gjennom eit OECD-utvikla verktøy. På nyåret vil representantar frå OECD gjennomføre gruppeintervju med aktørar i heile fylket. Dette arbeidet vil munne ut ei ein rapport med retningslinje og anbefalingar for korleis fylket kan jobbe betre mot ein overgang til sirkulær økonomi i 2024.
OECD er ein organisasjon for økonomisk samarbeid og utvikling med 38 medlemsland frå heile verda. OECDs Senter for entreprenørskap, små- og mellomstore bedrifta, regionar and byer (CFE) har eit eige program for arbeid med sirkulær økonomi i byar og regionar (Program on the Circular Economy in Cities and Regions). Gjennom dette har OECD samarbeidd systematisk med nasjonale og regionale myndigheiter for å akselerere omstillinga til ein meir sirkulær økonomi over fleire år. Du kan lese meir om programmet på nettsida til OECD.
Circular Cites and Regions Initiative (CCRI) er eit EU-nettverk som jobbar med å implementere sirkulærøkonomi i europeiske byar og regionar; 37 byar, regionar og klynger frå heile Europa. Møre og Romsdal Fylkeskommune er ein av regionane som har fått medlemskap.
‘I en sirkulær økonomi må produktene vare så lenge som mulig, repareres, oppgraderes og i større grad brukes om igjen. Når produktene ikke kan brukes om igjen, kan avfallet materialgjenvinnes og brukes som råvarer i ny produksjon. Slik utnytter vi de samme ressursene flere ganger og minst mulig går tapt.
Omstillingen til sirkulær økonomi innebærer endringer i design (design for sirkulær økonomi), produksjon, valg av produksjonsmetoder og forbruksmønster.’ Kjelde: Miljødirektoratet.