Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår opning av fylkesvegstrekningar for modulvogntog
Vegane kan opnast for lengre vogntog utan utbetringar og er viktige for å knyte næringslivet i Møre og Romsdal til riksvegnettet.
Det er Vegdirektoratet som tek den endelege avgjerda om modulvogntog når dei nye veglistene blir oppdatert 1. april i år.
Ønska av kommunar og næringsliv
Fylkesvegane som blir anbefalt opna for modulvogntog er strekningar som har vore sterkt ønska av kommunar og næringslivet. Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges Lastebileier-Forbund har samarbeidd om prøvekøyring for å sjekke at det er mogleg å tillate lengre vogntog på vegane.
Trafikktryggleik
- Trafikktryggleik har alltid høgast prioritering i arbeidet vårt. Vi må vite at det er trygt å tillate modulvogntog for alle som brukar vegane. Her har samarbeidet med transportnæringa vore godt og svært viktig, seier seksjonsleiar i fylkesvegavdelinga John Hauger.
Utfordringar
Erfaringane frå prøvekøyringane var i all hovudsak gode. Nokon stadar var det utfordringar som enkelt blir løyst med små utbetringstiltak. Men testkøyring avdekte også at køyretøya var for lange for rundkøyringa på Moen (mellom Elnesvågen og Eide i Hustadvika), krysset frå Malmefjorden til Aureosen (Hustadvika) og krysset frå Stette mot Ellingsøya (Ålesund). På desse veglenkene blir det delvis opna. Her trengs det større utbetringar som må finansierast og gjennomførast før dei kan bli opna for modulvogntog.
Nye strekningar i haust
Neste oppdatering av veglistene er 1. oktober. Samarbeidet med bransjen om prøvekøyring av nye vegar vil fortsette slik at Møre og Romsdal fylkeskommune kan anbefale opning av fleire fylkesvegstrekningar til denne datoen.
Her er strekningane som er tilrådd opna for modulvogntog:
Fv. 62 Sunndalsøra-Hjelset
Fv. 6232 Årødalen-Skaret-Malmedalen
Fv. 64 Malmefjorden-Åndalsnes (blir opna til industriområde i Malmefjorden)
Fv. 64 Eide (kryss fv. 532)-Kristiansund
Fv. 6072 Bruhagen-Kryss Kristvikvegen (Averøy)
Fv. 532 Høgset-Eide
Fv. 65 Trøndelag grense Rindal-Skei (Surnadal)
Fv. 6156 Hamnesvegen fra kryss fv. 65 (Surnadal)
Fv. 670 Skei (Surnadal) via Kvanne-Rykkjem til Ålvundbrua (Sunndal)
Fv. 680/669 Byskogen (Kristiansund)-Sandvika ferjekai
Fv. 653 Garnes-Furene (Eiksundsambandet)
Fv. 654 Dragsund - Eggesbø
Fv. 61 Solevågseidet - Garnes-Dragsundbrua (Ulstein)
Fv. 5886 Hareid-Hjørungavåg
Fv. 6210 Spjelkavik-Blindheim
Fv. 6218 Blindheim industriområde
Fv. 5946 Alvikvegen-Spjelkavik
Fv. 534 Breivika-Lerstad (fra E39 Moa)
Fv. 60 Blindheim-Straumgjerde (Sykkylven)
Fv. 5914 Sykkylvsbrua til Ekornes
Fv. 526 Ellingsøya til Sperre industrier
Fv. 661 Eidsvik-Digernes
Fv. 659 Eidsvik-Slyngstad/kryss fv. 527 til Søvika
Fv. 527 Slyngstad-Skjeltene
Fv. 5981 Tresfjorden (Vike-Brastad)