Møre og Romsdal skal bli berekraftfylket

Fylkesordførar Tove Lise Torve og leiar for FN sitt smartbyprogram, Kari Aina Eik signerte i dag ein samarbeidsavtale, der Møre og Romsdal er første norske fylke som er tatt opp i FN sitt smartbyprogram.

Skriv ut

- Den norske regjeringa har gjennom ein ny nasjonal forventning til samfunns- og arealplanlegging lagt til grunn at planlegginga skal bygge på berekraftsmåla. Det er derfor både naturleg  og rett at Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar moglegheita til å bli med i smartbyprogrammet, seier fylkesordførar Tove Lise Torve.

Møre og Romsdal vil få ein sentral plass i smartbyprogrammet

Ålesund er første norske by som er tatt opp i programmet, og dei får no Nord-Europas første FN smartbylab. Molde og Kristiansund er invitert til å vere blant dei 15 første norske byane i programmet, og Møre og Romsdal første norske fylkeskommune. - Dette gir oss moglegheiter både for å påverke det norske «berekraftløftet», få stort læringsutbytte og posisjonere oss til å få nasjonale ressursar og kompetansemiljø til fylket, seier Torve.

Torve meiner vidare at programmet vil gi eit godt grunnlag for å utvikle betre samfunnsanalyser, kommune- og økonomiplanar og skape praktisk politikk retta mot berekraftmåla slik forventninga frå regjeringa er.

Satsinga «Berekraftfylket Møre og Romsdal»

Saman med kommunane, regional stat, NHO, KS mfl. legg fylkeskommunen opp til å lansere: «Berekraftfylket Møre og Romsdal», ei satsing som kan samle fylket om ei felles retning i samfunnsplanlegging og -utvikling.  

Kontakt