Molde kommune har tatt grep for å gjere sirkulære anskaffingar
Fleire aktørar i Molde-regionen har sidan 2020 samarbeidd for at det offentlege skal bruke kontormøblar og -inventar om igjen, i staden for å kjøpe nytt.
Ombruk gir betydelege miljømessige gevinstar, og er eit bidrag til FN sine berekraftsmål for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030.
I ein sirkulær økonomi må produkt vare så lenge som mogleg, reparerast, oppgraderast og i større grad bli brukt om igjen. Når produkt ikkje kan brukast på nytt, kan avfallet materialgjenvinnast og blir brukt som råvarer i ny produksjon. Slik utnyttar vi dei same ressursane fleire gangar og minst mogleg går tapt.
Kjelde: Miljødirektoratet
Samarbeidet starta i 2020 i Smart Molde-forskingsprosjektet «Sirkulærøkonomi i praksis», der målet var å utvikle ein smartare innkjøpsmetodikk for møblar og inventar for Molde kommune.
Eit funn i prosjektet viser at ved anskaffing av 30 stolar, 30 pultar og eit kateter til eit klasserom, vil ombruk gi 80 prosent reduksjon i miljøavtrykk samanlikna med å kjøpe nytt.
Molde heilt i teten
Med kunnskap og forsking i botn har fleire gjennom prosjektet blitt bevisst å utnytte ressursane fleire gangar, slik at minst mogleg går tapt. Fleire lokasjonar i Molde kommune – også nybygg – har heilt eller delvis tatt i bruk ombrukte og/eller lånte møblar.
Under Nyttårskonferansen tysdag 10. og onsdag 11. januar får deltakarane høyre kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen i Molde kommune fortelje om korleis dei har jobba for å bli betre på sirkulære anskaffingar. Molde er blant kommunane i landet som har kome lengst på dette området.
Begeistra for jobben
Kristin Hansen, prosjektleiar for Berekraftfylket Møre og Romsdal, er begeistra for jobbene som Molde kommune har gjort:
- Det er heilt fantastisk å sjå korleis Molde kommune har gått heilt konkret til verks for å gjennomføre fleire sirkulære anskaffingar, og ikkje minst korleis dei inviterer samfunnet rundt seg til å bli med på reisa. Dette er eit viktig satsingsområde i Berekraftfylket Møre og Romsdal, og vi er heilt avhengig av godt samarbeid med kommunane for å få det til, seier Hansen.
Innovasjon- og endringsguide Mette Jane Holand i Molde kommune og forretningsutviklar May Britt Solheim ved Kontorvarehuset har vore med i forskingsprosjektet. Dei legg ikkje skjul på at det er krevjande å utfordre innarbeidde tankesett.
Bryte ned eigen bransje?
- Mange reagerte når eg tok initiativ til dette – det blei oppfatta som å bryte ned vår eigen bransje. Kvifor skulle vi oppfordre til at kommunen måtte tenke nytt? Men eg såg at så mange fine møblar blir kasta – det var forferdeleg å tenke på, seier May Britt Solheim.
- Det første du møter på, er innkjøpsutfordringar; avtaleverk og reglar – og det at vi alle kjenner på at vi ikkje må trå feil. Vi vil ikkje skape utfordringar verken for kommunen, for oss som bedrift eller for innkjøparane. Vi møtte og på haldningane; «dette har vi aldri gjort før, dette går ikkje». Det var litt tungt i periodar. Men dette har vi klart å snu – verkeleg, seier Solheim.
Må ha meir fleksibilitet
Mette Jane Holand i Molde kommune seier at ein må klare å tenke beskriving og behov på ein heilt annan måte – og tenke meir fleksibilitet – enn det ein har gjort til no.
- For eksempel med rammeavtalar: Når kommunen ber om rammeavtale som kan vare i fire år; kor mykje innovasjon og berekraftig utvikling har du dersom du har definert eit møbel i fire år? Ting går veldig fort, seier Holand.
Ho er opptatt av ein god dialog med marknaden.
- Det å ta i bruk andre metodar for å finne neste generasjon produkt, er å gå ut i marknaden og ha ein dialog; kor langt har de komme i sirkulærøkonomi? Det skal ikkje kome overraskande på nokon at vi går ut og ber om ombrukte møblar om eit halvt år. Vi må tidleg ut i marknaden og diskutere, nettopp for å pushe kvarandre vidare. Men då må ein gi kvarandre tid til å forandre forretningsmodellane, seier Holand.
Nye forretningsmodellar
Holand og Solheim ser fleire nye forretningsmodellar: Serviceavtalar, ombrukskompetanse og redesign.
- Det er spennande å sjå kva vi får ut av eit veldig godt samarbeid på tvers av bransjar i Molde; byggevare, eigedomsbesittarar, kommune – mange aktørar har samla seg. Vi skal sjå på ombrukssentral og oppbygging av det, som dei har gjort i Oslo – om vi kan gjere noko liknande her i Molde. Det er eit utgangspunkt for nye forretningsmodellar på fleire nivå i verdikjeda. Då tar vi dette enda lengre, seier dei to.
Til Nyttårskonferansen er desse invitert: Ordførarar, rådmenn/kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutvalet, Mørebenken, Ungdomspanelet, toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.