Motiverte lærlingar, men dei må bli høyrde
Lærlingane i Møre og Romsdal er samla sett meir motivert for å lære enn gjennomsnittet av lærlingar i Noreg. Det viser tal frå den årlege lærlingundersøkinga.
På spørsmålet «I kva for grad er du motivert til å lære i bedrifta?», svarar 94,1 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal «I nokså stor grad» eller «I svært stor grad». Talet for landet sett under eitt, er på 92 prosent.
Ein stor del av lærlingane i fylket svarar også at dei trivst og at dei er fornøgd med val av fag.
Utfordringar
Men lærlingundersøkinga fortel også om utfordringar.
- 3,4 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal har blitt mobba på arbeidsplassen dei siste månadene – talet for heile landet er på 3,6 prosent. I førre lærlingundersøking var talet for Møre og Romsdal 3,1 prosent.
- 5,1 prosent av lærlingane i fylket seier at dei ein sjeldan gong har opplevd uønskt seksuell merksemd. I den førre undersøkinga var det 1,2 prosent av lærlingane som svarte at dei 2 to-tre gongar eller oftare hadde opplevd uønskt seksuell merksemd.
- Det er færre som i denne undersøkinga samanlikna med i fjor, svarer at dei ofte blir utsett for uønskt seksuell merksemd, men det er fleire som seier dei opplever å bli mobba på arbeidsplassen. Det er nulltoleranse for slikt, og lærlingane skal ha eit trygt læringsmiljø, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.
- Må bli tatt tak i
Når lærlingane som har opplevd mobbing blir spurt om det er gjort noko for å få slutt på mobbinga, svarer 70,8 prosent nei.
- Det er kjempealvorleg at så få får hjelp, fordi mobbing og andre krenkingar kan få store negative konsekvensar for lærlingane si fysiske og psykiske helse, og deira faglege utvikling. Lærebedriftene må ta slike varsel på alvor og handtere dei slik lova krev, seier lærlingombodet.
Fekk ikkje utplassering
Ei anna utfordring som blir avdekt i undersøkinga, er at 11,7 prosent av lærlingane seier at dei ikkje var utplassert i praksis i bedrift i faget yrkesfagleg fordjuping (YFF).
- Bedriftene er ein viktig arena for eleven til å få vist seg fram, korleis ein fungerer i bedrifta og der ein får sjå korleis faget er; «Er dette riktig fag for meg?». Dette er viktig for gjennomføringa. Vi må derfor oppmode næringslivet til å ta imot elevane, og det burde vere fleire bedrifter som rekrutterer elevar ut frå YFF-perioden, seier seksjonsleiar Bjørnar Loe, som opplyser at ein periode med covid-19 hindra utplasseringar i YFF.
Skryt til lærebedriftene
Han skryt av opplæringskontora og mange av lærebedriftene i fylket. Men fleire av dei har potensial til å følge opp lærlingane betre og å bidra til auka medverknad frå lærlingane.
- Medverknad er viktig. Lærlingane skal vere med på å planlegge eigen opplæring, slik at opplæringa blir tilpassa dei og at dei får utfordringar dei kan strekke seg mot, seier Loe.
Det er cirka 2.600 lærlingar i Møre og Romsdal.