Nerlandsøybrua blir bygd med gang- og sykkelbane

Samferdselsutvalet har vedtatt at ny bru til Nerlandsøya blir prosjektert og bygd med 11,5 meters breidde, inkludert 3 meter brei gang- og sykkelbane og rekkverk mellom bilveg og gangbane.

Skriv ut

Bakgrunnen for vedtaket er at kostnadsforskjellen mellom 10,75 meter bru med fortau, som utvalet tidlegare har vedtatt, og 11,5 meter brei bru med gang- og sykkelbane, viser seg å vere svært liten. Rekkverk mellom bilveg og gangbane vil også vere vesentleg tryggare for mjuke trafikantar.

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med planlegging og prosjektering av ei tradisjonell fritt-frambygd betongbru parallelt med at eit innovasjonsprosjekt ser på om det er mogleg å finne vesentleg billigare løysingar for å bygge brua. Fylkestinget skal ta stilling til konsept i juni i år. Målet er byggestart på Nerlandsøybrua mot slutten av 2022.

Snarvegar

Kontakt