No blir det eitt år til med gratis energisjekk
Det siste året har huseigarar i fylket fått gratis vurdering av energibruken i eigen bustad. No har politikarane sagt ja til å vidareføre ordninga i eitt år til.
Det var eit einstemmig kultur-, næring- og folkehelseutval som sa ja til å løyve 540.000 kroner for at alle husstandar i Møre og Romsdal får tilgang til energiportalen.no til september neste år.
Energiportalen kan blant anna gi deg svar på kor mykje du kan spare på straumrekninga di ved å redusere energibruken i heimen din, og også gi tips og råd om korleis gjere det.
I saksframlegget til utvalet la fylkeskommunedirektøren vekt på at tiltaket er ein enkel måte å nå mange huseigarar på, energiøkonomisering er eit svært nyttig tiltak og at portalen gir eit godt grunnlag for undervisningsopplegg i skolane.
Når mange huseigarar
«Energiøkonomisering og ny lokal produksjon av fornybar energi i mindre einingar er lågterskeltiltak for å bidra til å nå klimamåla som nasjonen og fylkeskommunen har vedteke. Tilgang og bruk av energiportalen.no er eit tiltak som når mange huseigarar i Møre og Romsdal, og som kan bidra til at dei vurderer og gjennomfører energisparande tiltak. Portalen er eit godt verkemiddel for å bevisstgjere huseigarane sin energibruk og sparepotensiale», skreiv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.
136.215 bustadar i fylket
I perioden september 2022 til februar 2023 vart det registrert 1.130 brukarar frå fylket på nettsida energiportalen.no. Ifølge Statistisk sentralbyrå var det ved årsskiftet i år 136.215 bustadar i Møre og Romsdal.
Ifølge vedtaket i kultur-, næring- og folkehelseutval skal dei 540.000 kroner for eitt års lisens på energiportalen.no bli dekt av midlar frå tiltaksfondet.