No blir det gratis buss i to månadar i Ålesundsområdet, Sula og Giske

Frå måndag 22. august og i to månadar kan du reise gratis med buss i Ålesundsområdet, Sula og Giske. Det blir også rabatt på hurtigbåtane.

Skriv ut

Målet med kampanjen er at fleire skal bruke kollektivtransport. Gratisperioden startar same dag som oppstart av bompengeinnkrevjing i Ålesund.

- Dette er ein god moglegheit til å prøve kollektivtilbodet, og skape nye, miljøvenlege reisevanar, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM, Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her blir det gratis

Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – går både på og av bussen – i gratisområdet.  Dette området omfattar Sula, Giske og i eit definert område rundt Ålesund by, avgrensa av Taftesundet, Digernes, Glomset, Magerholm og Solavågen

Dei som gjennomfører heile reisa – går både på og av bussen – i gratisområdet, treng altså ikkje billett.

Ekstra bussar

I gratisperioden blir det auka trafikk på bussane, og FRAM vil sette opp ekstrabussar der det er mogleg. Dette kan vere turbussar utan FRAM-profil.

På den mest trafikkerte strekninga mellom Ålesund sentrum og Moa går det buss kvart 10. minutt i rushtida og rundt kvart 20. minutt utanfor rushtida på dagtid.

40 prosent rabatt på hurtigbåtane

Frå 22. august blir det også 40 prosent rabatt på alle hurtigbåtreiser til og frå Ålesund. Dette gjeld ruta Hareid-Valderøy-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Nordøyruta

Frå 23. oktober er gratisperioden over, og då må ein løyse billett som tidlegare.

Snarvegar

Kontakt