No får du gratis klima- og energirådgiving
Frå 19. september kan alle kommunar i Møre og Romsdal tilby gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar i fylket.
Det betyr at du no får objektive råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad. Rådgivinga vil finne stad på nett og via digitale synfaringar. Tilbodet er gratis og uforpliktande.
Målsettinga med kampanjen er å fremme kunnskap, gjere innbyggarane bevisst på eige energibruk og å gi råd som reduserer energibruken og bidreg til ein klimavenleg kvardag. Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar i Møre og Romsdal bruker energi meir effektivt og reduserer belastninga på straumnettet ved å gå over til fornybare energikjelder, som til dømes solenergi.
Korleis kan du bruke mindre energi på å halde bustaden varm? Kva energitiltak er smarte for bustaden din? Skal du satse på solceller eller varmepumpe? Korleis etablerer du ladeløysing for elbil, og kva støtteordningar finst?
– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi. Vi skal legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier rådgivar energi og grøn omstilling, Per Oterholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Informasjon om kampanjen finn ein på https://mrfylke.energiportalen.no. Her kan ein både sjekke eigen bustad, og bestille time for gratis digital rådgiving.
Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og blir levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene i kampanjen blir levert av Simenergi AS og EEFFY AS.