No gjeld det ordinære fråværsreglementet
Dei midlertidige reglane for fråvær i dei vidaregåande skolane er oppheva. Frå i dag gjeld det ordinære fråværsreglementet.
Det betyr at elevane ikkje lenger kan bruke eigenmelding eller melding frå føresette ved helserelatert fråvær, og at det frå i dag av er dei vanlege fråværsreglane som gjeld.
Fram til 11. oktober har det vore midlertidige reglar for fråværsføring knytt til koronapandemien. Dei fritok helserelatert fråvær frå kravet om legeattest, unngjekk fråværsgrensa og forhindra helserelatert fråvær frå å bli ført som fråvær på vitnemål og kompetansebevis. Slik kunne elevar med luftvegssymptom halde seg heime under koronapandemien, utan å frykte dei store negative konsekvensane.
Laurdag 25. september kl. 16 gjekk vi endeleg over til ein meir normal kvardag, men skolane fekk litt meir tid til å omstille seg med midlertidige fråværsreglar som eit smittevernstiltak.