No gjeld reisegarantien også for hurtigbåt

Det gir dei som reiser med hurtigbåten rettar til alternativ transport eller refusjon av kostnadar om avgangen er forsinka eller innstilt.

Skriv ut

Det er Kollektivtrafikkforeininga som har utarbeidd bransjestandarden for reisegaranti for hurtigbåtar i fylkeskommunal regi som no blir gjeldande i Møre og Romsdal.

- Å få på plass ein bransjestandard og reisegaranti for hurtigbåt er svært positivt for dei reisande, som får styrka rettane sine. Ein felles bransjestandard på tvers av fylka vil og føre til at kundane slepp å sette seg inn i ulike fylkeskommunale regelverk og gjer regelverket meir tilgjengeleg og slik enklare å kunne fremme ein klage, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Busspassasjerar har hatt reisegarantiordning sidan 2016.

I Møre og Romsdal blir reisegarantien for hurtigbåt innført 3. mars 2021. Nordland fylkeskommune har allereie innført reisegarantien. Det er venta at Vestland fylkeskommune gjer det same i løpet av relativt kort tid.

Snarvegar

Kontakt