No kan du komme med innspel til ruteendringar for bussane, hurtigbåtane og ferjene

Arbeidet med den årlege ruteendringsprosessen for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vil starte i august, men det er no du kan komme med innspel til endringar og sende det til kommunen din.

Skriv ut

Kommunane vil samle innspela, og sende det vidare til Møre og Romsdal fylkeskommune som arbeider med kollektivtilbodet.

For kommunane er fristen for å sende det vidare til fylkeskommunen den 26. juni 2019, så ver tidleg ute med å sende inn.

Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2020.