No kan du reise med Beatrice i Kristiansund

I dag og fram til siste veka i juni, vil bussen som blir køyrd på rute 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel på dagtid vere rosa, akkurat som Beatrice.

Skriv ut

FRAM har gått saman med Operaen i Kristiansund for å få fleire til å reise kollektivt og få merksemd rundt familiemusikalen «Syver og Beatrice et sommermysterium».

–Det er veldig artig og stor stas at fylkeskommunen vil samarbeide med oss om Syver og Beatrice, seier Helene Backer, informajsons- og markedssjef i Operaen i Kristiansund. –Dette er bra for byen. Syver og Beatrice er symbolsk for Kristiansund, dei finn du ikkje andre stader. Sundbåten har vi jo frå før, og no har vi også bussen på plass.

Backer seier at ho håpar den rosa bussen både vil få fleire til å reise kollektivt og til å komme på førestillingane i juni.
–Bussen er tydeleg i bybildet, den er umogeleg å gå glipp av. Vi håpar at dette blir ein ny attraksjon, fortel Backer.

Du kan reise kollektivt til førestillingane laurdag 11. og søndag 12. juni med rutene 801, 802 eller 812, og gå av på haldeplassen kalt Goma (Kristiansund). Følg Freiveien til Småbåtlaget på Goma, det er ca. 15 minutt å gå. Du kan søke etter rutetidene  i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.

Du kan også ringe FRAM Kundesenter på 71 28 01 00 for informasjon om kollektivtilbodet.