No kan du sende inn forslag til likestillingsprisen 2019

Kjenner du ein person, ei gruppe, organisasjon, skole/skoleklasse, bedrift, kommune eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket? Fristen for å sende inn forslag er utvida til 18. oktober.

Skriv ut

Prisen kan går til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med:

  • likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn av kjønn, alder, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og språkval, nynorsk/bokmål.
  • likestilling mellom kvinner og menn.
  • likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten.
  • likestilling mellom funksjonshemma og ikkje funksjonshemma.

Har du eit forslag?

Send inn forslag med grunngjeving innan innan 18.oktober 2019, via dette skjemaet.

Kven har vunne før?

  • 2018: Ørsta/Volda Pride
  • 2017: Torunn Haldorsen
  • 2015: Gunvor Ulstein
  • 2014: Jens Terje Johnsen
  • 2013: NHO Møre og Romsdal - prosjekt Global Future
  • 2012: Bergljot Hjorthol
  • 2011: Herøyløftet
  • 2010: Christina Westrum Pedersen
  • 2009: Gudny Fagerhol
  • 2008: Oasen Kreative Senter i Kristiansund
  • 2007: Norsk Fjellfestival i Rauma
  • 2006: Øystein Lied og Jostein Bjørndal (Merkesteinane)
  • 2005: Mons Sandnes

Kontakt