No kan du søke støtte til ungdomstiltak

Fristen for å søke på neste tildeling av ungdomsmidlane er 1. april. Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250 000 kr til ulike prosjekt for ungdom rundt om i fylket. 

Skriv ut

-Vi oppfordrar alle til å søke på ungdomsmildlane. Der ei fantastisk ordning som absolutt alle som kan, bør benytte seg av, seier Hedda Haugen, som er leiar av Ungdomspanelet.

Held du på med noko som du treng økonomisk støtte til? Treng du pengar til utstyr til ungdomsklubben, paintballbane eller noko heilt anna? Før 1. april kan du søke om støtte frå ungdomsmidlane.

Dei siste åra har ungdomspanelet mellom anna delt ut pengar til nytt utstyr til ein håndarbeidsrom, bordtennisbord og musikkutstyr. Teateroppsetjing, produksjonsstudio for ungdom, samt ladestasjon for el-syklar har også fått støtte.

Søknadskjema finn du under tilskot, prisar og stipend på mrfylke.no

Kontaktpersonar: 

Snarvegar

Kontakt