No kan du utdanne deg på deltid til tannhelsesekretær

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr no vaksenopplæring for deg som kan tenke deg ei framtid som autorisert tannhelsesekretær. Utdanningsløpet er komprimert, samlingsbasert og tilpassa vaksne som er i arbeid.  

Skriv ut

Utdanningstilbodet er oppretta for å møte ei stadig auke i etterspurnaden etter autoriserte tannhelsesekretærar i tannhelsesektoren.

– For oss er det viktig at alle som arbeider med pasientbehandling i den offentlege tannhelsetenesta er autorisert tannhelsepersonell. I dei komande åra vil det bli eit stadig større behov for nye tannhelsesekretærar, seier fylkestannlege Anthony Valen. Det er også jobbmoglegheiter for tannhelsesekretærar hos private tannlegar.  

Kven kan delta?

Målgruppa for det nye utdanningstilbodet er todelt.

- Vi søker dei som i dag allereie arbeider utan autorisasjon i den offentlege tannhelsetenesta eller i private tannklinikkar. I tillegg er utdanninga open for vaksne som har eit ønskje om å bli tannhelsesekretær, seier Wenche Muren, leiar ved BORK karriere og kompetanse. Søkarar med vaksenrett og søkarar med relevant praksis vil bli prioritert.

Komprimert utdanningsløp

Det er BORK karriere og kompetanse ved Borgund VGS, som har ansvaret for utdanningstilbodet. Undervisninga er komprimert, samlingsbasert og tilrettelagt for vaksne. 

Opplæringa/kurset blir avslutta med ein tverrfagleg eksamen på vg3 nivå. Det er lagt opp til fire-fem undervisingssamlingar på VG2-nivå og fem-seks samlingar på VG3-nivå. Samlingane går over to dagar ca. ein gong i månaden.

–Ordninga er tilrettelagt for dei som ikkje har moglegheit til å studere på heiltid, og som kanskje har arbeid i tillegg, seier Muren.

Etterspurt kompetanse

Tilbodet er attraktivt der ein får moglegheit til å jobbe i et spennande og godt fagmiljø. Den offentlege tannhelsetenesta er desentralisert, med 27 klinikkar spreidd over heile fylket. Den som gjennomfører og består dei faga som ligg i utdanninga, kan ved fullført utdanning søke om autorisasjon.

- Som autorisert tannhelsesekretær får du eit sjølvstendig og personleg ansvar for å utføre arbeidsoppgåvene på ein fagleg forsvarleg måte, seier Ing-Marie Sundqvist, tannpleiar og undervisningsansvarleg ved St. Carolus i Molde. Sundqvist fortel at tannhelsesekretærar er ei etterspurt yrkesgruppe.

Søknadsfrist i mai

Søknadsfristen er 5. mai 2022 og 27. april blir det arrangert eit informasjonsmøte på Borgund vgs i Ålesund. Påmelding på tlf. 71 28 12 70.

For meir informasjon om opplæringa gå inn på vaksenopplæringa på Borgund vgs. sine nettsider

Kontakt