No startar arbeidet med ferjekaiene

Denne veka er det oppstart på arbeidet med å bygge nye ferjekaier på Sølsnes og Åfarnes.

Skriv ut

Anleggsarbeidet skal skje samtidig som ferjene trafikkerer sambandet.

Dykkarar vil jobbe frå lekter/flåte, og dei startar på Åfarnes. Ved mykje vind på Åfarnes, kan det være aktuelt at dei flyttar seg over til Sølsnes og utfører arbeid der i staden.

Dykkararbeidet vil halde på ut mai månad, og vil skje på kvardagar mellom klokka 17 og 01 og i helgene frå klokka 22 til 06.

Arbeidet skal i første omgang ikkje ha store konsekvensar for dei reisande, men det kan bli kansellering av enkeltavgangar på natt når trafikken er som minst. Eventuelle kanselleringar vil bli varsla gjennom Fjord1 si SMS-varsling.

Det er entreprenør Christie & Opsahl AS som skal bygge ferjekaiene for Møre og Romsdal fylkeskommune. Selskapet blei tildelt anbodet etter ein tilbodssum på ca. 157 mill. kr. eks. mva.

Ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes er det tredje største fylkesvegsambandet i Møre og Romsdal og er svært viktig for trafikken mellom Nordmøre og Romsdal og Austlandet. Kaiene skal tilpassast dei nye nullutsleppsferjene med nye tilleggskaier (pirar), som skal stå ferdige til 2024.

Snarvegar

Kontakt