Norled AS er tildelt kontrakt for ferjesamband på ytre Sunnmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakt for ferjesambanda Volda-Lauvstad, Årvik-Koparnes og Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya til Norled AS.

Skriv ut

Kontrakta for ytre Sunnmøre vil gjelde frå 1. januar 2021 og fram til 31. desember 2031. Det var fire reiarlag som leverte tilbod i konkurransen.

Kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya vil bli ombygd slik at dei frå 2025 kan ta i mot ei større og moderne ferje.

Investeringar på land

Det er nødvendig å ruste opp kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Kaianlegga er i dag små og har svært avgrensa levetid. Kaianlegga vil byggast slik at dei kan trafikkerast av moderne ferjer. Når kaianlegga er ferdig skal det settast inn ei nyare og større ferje på sambandet.

Reduksjon av utslepp

Sambandet Årvika-Koparnes får miljøferje frå 2022. Dette gir ein kraftig reduksjon i utslepp, og er eit viktig tiltak i det grøne skiftet.

Pressa økonomi

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover, og skal redusere driftsnivået i fylkeskommunen. – Det er difor veldig gledeleg at det har vore stor konkurranse om denne kontrakta, seier seksjonsleiar Jesper Wiig i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontakt