Norsol AS er tildelt Fylkesprisen Årets Bedrift 2020
Fylkespolitikarane har tildelt Fylkesprisen Årets Bedrift 2020 til Norsol AS i Tingvoll.
Norsol AS er ei familiebedrift som som vart etablert av dagens eigarar i 1983. Bedrifta er ei av landets leiande solskjermingsbedrifter med hovudkontor og fabrikk i Tingvoll kommune og salsapparat over heile Noreg. Norsol AS sysselset om lag 65 personar på heil tid i tillegg til deltidstilsette.
-Norsol er ei solid familiebedrift som har hatt ei positiv økonomisk utvikling over tid. Bedrifta har ein tydeleg miljøprofil, har investert i ny teknologi og satsa på å utvikle produkt med ein gjennomgåande miljøprofil, heiter det mellom anna i grunngjevinga.
Møre og Romsdal fylkeskommune kårar kvart år Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ein bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg i året som har gått. I år kom det inn 42 forslag til kandidatar, noko som er rekord. Det var kultur, næring og folkehelseutvalet som behandla saka i møtet i dag tysdag 9. mars. Prisen blir delt ut seinare.
Vinnarane dei ti siste åra:
2019: Aas Mek. Verksted, Vestnes kommune
2018: Pipelife Norge, Surnadal kommune
2017: Volda Maskin AS, Volda kommune
2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune
2015: Slettvoll, Møbler AS, Stranda kommune
2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune