NTNU Ålesund får 440 000 kroner for å etablere kompetansehub

Møre og Romsdal, med NTNU i spissen, ønskjer å bli eit nasjonalt tyngdepunkt for kunnskap om korleis næringslivet kan gjere berekraftsmåla til eit konkurransefortrinn. Utviklingsprosjektet får inntil 440 000 kroner frå fylkeskommunen.

Skriv ut

Det er inngått intensjonsavtale mellom 15 aktørar frå næringsliv, forsking og utdanning. Auka kunnskap om berekraft og miljøleiing, etter- og vidareutdanningstilbod, verktøykasse og metodar for bedrifter er noko av det prosjektet skal levere.

-Prosjektet svarar på utfordringane vi har avdekka gjennom Kompetansealliansen. Gode tilbod for etter- og vidareutdanning og fleire verktøy som bedriftene våre kan dra nytte av er viktig.  Dette prosjektet er også viktig inn i arbeidet vårt for å etablere Møre  og Romsdal som ein nasjonal kompetansehub innanfor berekraft, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Initiativet til kompetansehuben kom frå næringsklyngene som arbeider med å utvikle forretningsmodellar som tar omsyn til berekraftmål. Prosjekt vil ta utgangspunkt i forsking utvikla ved blant anna NTNU. Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde skal bidra i å utvikle etter- og vidareutdanningstilboda.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 985 990 kroner.

 

Kontakt