Ny app for å låne e-bøker i Møre og Romsdal

Frå 25. mai kan du laste ned appen BookBites for å låne e-bøker frå biblioteka i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Gjennom den nye appen får brukarar med nasjonalt lånekort tilgang til Møre og Romsdal si felles digitale boksamling med e-bøker og e-lydbøker.

- BookBites er enkel å bruke, og appen kan lastast ned til både mobilar og nettbrett, seier One Marthe Vik, rådgivar ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Den nye appen vil erstatte eBokBib, som har vore i bruk til no. Frå 25. mai må lånarane derfor laste ned BookBites for lese e-bøker eller høyre e-lydbøker.

Regjeringa har løyvd 20 millionar kroner til ekstra innkjøp av e-medier. Møre og Romsdal har fått tildelt 995 000 kroner, og midlane skal brukast til å styrke e-medietilbodet i fylket. Det er fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal fylkeskommunar koordinerer tilbodet.

App med leseforslag

Appen er laga for å gi deg som brukar gode lese- og lytteopplevingar.  Det første du møter i appen er bokhyller med forslag til bøker du kan lese eller lytte til. Du kan og søke etter bøker via søkeikonet. Under kvar bok vil du sjå kor lang tid det tek deg å lese boka. Dette gjer det enklare å finne ei bok som passar – akkurat no. Du kan laste ned BookBites frå Google Play eller App Store. Ta gjerne kontakt med det lokale biblioteket ditt dersom du treng hjelp til å komme i gong eller manglar informasjon til innlogging.

Kontakt