Ny film: Byen som regional motor har bidratt til byutvikling i Kristiansund, Molde og Ålesund

Nye byrom og møteplassar, leik i sentrum, belysning, skateparkar: Byen som regional motor er ferdig med prosjektperioden 2017-2020, og vi har laga ein film som viser resultat av prosjektet.

Skriv ut

- Dei tre største byane våre har jobba godt med byutvikling dei siste åra. Fleire større sentrumsområde er fullstendig transformert med nye møteplassar, aktivitetsparkar for barn og unge i tillegg til ei rekke større og mindre byutviklingstiltak. No er det viktig å holde trykket på byutvikling oppe, seier Kjersti Hasselø, som har vore prosjektleiar desse åra.

Gjennom byutviklingsprosjektet har Møre og Romsdal fylkeskommune gitt økonomisk støtte til lokale prosjekt i byane, og bidratt til å utvikle kompetansen om byutvikling. I tillegg har prosjektet lagt til rette for eit unikt bysamarbeid, ein kultur for erfaringsutvikling og etablert møteplassar.

Dei ulike byutviklingsprosjekta har vore eit spleiselag mellom fylkeskommunen og bykommunane, der fylkeskommunen har bidratt med 100 mill. kroner og kommunane og næringslivet har bidratt med 200 mill. kr.  

Målet har vore å styrke attraktiviteten i Kristiansund, Molde og Ålesund og stimulere til vekst og utvikling i regionane.

Prosjektet skal fortsette i 2021, men i andre rammer.

Kontakt