Ny fylkesplan 2021 – 2024 på høyring

Ny fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021 - 2024 er no ute på høyring med frist 10. september. Her ligg mellom anna mål om levande lokaldemokrati, auka bruk av fornybar energi, byar og tettstader med særpreg, og mål for det grøne skiftet.

Skriv ut

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også bidra til godt samarbeid og samhandling i fylket.

Måla i fylkesplanen gjeld for samfunnet Møre og Romsdal, ikkje berre fylkeskommunen som organisasjon. Faktisk seier lovverket at både kommunane og statsetatane i fylket skal følgje både RPS og fylkesplanen.

Fylkesplanen følgjer opp Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020-2024, og er som denne bygd opp rundt FN sine 17 berekraftsmål og dei tre berekraftsdimensjonane, i tillegg er samarbeid løfta fram som eit eige målområde.

Svært mange, både offentlege institusjonar, organisasjonar, politikarar, kommunane og vanlege folk har vore med på, og gitt innspel til dette arbeidet. Det er derfor vi meiner vi har plukka opp viktige trekk som rører seg i samfunnet, anten du er elev, bedriftsleiar, fotballspelar, mor, forskar, ingeniør, skodespalar, friluftsentusiast, ordførar eller pensjonist, og vi takkar for deltakinga.

Under viser vi eksempel på mål i fylkesplanen:

Samarbeidsfylket; utvikle eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom offentlege aktørar, frivilligheit, næringsliv og kulturliv for å følgje opp FNs berekraftsmål

Miljøfylket; ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering

Inkluderings- og kompetansefylket; ha eit utdannings- og kompetansetilbod som møter behova i samfunnet og fører til inkludering, integrering, verdiskaping, nytenking og livslang læring

Verdiskapingsfylket; ha eit transportsystem som er trygt, smart og miljøvennleg, og er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov

Den nye fylkesplanen er ute på høyring for at vi vil lytte til kva omverda meiner om forslaget til planen. Planen blir betre dess fleire som gis oss innspel – vi høyrer gjerne kva du meiner om måla, eller om du har forslag til tiltak under nokon av måla.

Du finn høyringsutkastet til fylkesplan på Møre og Romsdal fylkeskommune sin heimesider, og her kan du også legge inn innspela dine. 

Kontakt