Ny nasjonal avtale skal løfte fram grøn næringsutvikling
Det skal bli enda større og meir samordna satsing på grøn næringsutvikling. Torsdag vart det inngått ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunane, Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet.
Avtalen Nasjonal samhandlingsmodell fortel at dei nasjonale- og regionale ressursane skal koordinerast. Samordninga skal gi nok kraft til å gjennomføre dei prosjekta som støtter næringsutvikling som er basert på sirkulær økonomi, netto nullutslepp og tilhøyrande infrastruktur i utvalde område. Den nasjonale avtalen legg føringar for dei regionale avtalene mellom partane.
Betyr satsing på Skaparkraft
Avtalen som Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått, betyr konkret at partane forpliktar seg til aktivt å bidra til satsingane i Skaparkraft-programmet, som skal styrke eksportnæringane i fylket og stimulere til utvikling av nye næringar. Dette gjennom ei satsing på grøne industrielle løft, smart teknologi, fornybar energi og kompetanse. Partane skal vere aktive pådrivarar, medspelarar og koplarar, både kompetansemessig og økonomisk. I avtalen står det mellom anna at «Partane må ha fokus på utvikling av gode prosjekt, opptre samordna og i fellesskap finne rette verkemiddel for ulike prosjekt.»
Satsinga vil involvere næringslivsaktørar og partane i arbeidslivet regionalt og nasjonalt. Det er fylkeskommunane som får det administrative ansvaret for koordinering i sin region.
Målretta innsats
Partane i den nye samarbeidsavtalen vil målrette den totale innsatsen mot næringar som har særlege føresetnader for å lykkast. Utgangspunktet ligg i regionen sine eigne aktiva, for eksempel tilgang til naturressursar, teknologi og kompetanse.
Dei tre verkemiddelaktørane, Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet, får i oppdrag å innrette sine finansieringsordningar meir mot klynger av verksemder i tillegg til enkeltaktørar. Til oppdraget ligg det også å få etablert rammeføresetnadar frå løyvande myndigheiter som gjer det mogleg å tilpasse ressursbruken i dag etter behova i framtida.