Ny opplæringsarena i havnæringane

Fylkespolitikarane løyver 1 mill. kroner til bedriftsnettverket ON Ocean Network SA på Nordmøre for å etablere ein opplærings- og rekrutteringsarena for havnæringane. 

Skriv ut

Havnæringane er i rask utvikling, og det er vekst i etterspørselen etter produkt og tenester innafor havbruk. Bedriftene i Ocean Network ser behov for rekruttering og oppdatert kompetanse og ønskjer no å teste ut eit tilbod dei har kalla "ON havkandidat" som ein praktisk retta industriell opplæringsarena. Ei viktig målgruppe i satsinga er dei som har falle ut av utdanningssystemet og som ikkje har ei kvalifisering å vise til.
 
-Det er positivt at næringslivet sjølv ønskjer å ta ei aktiv rolle i å bygge den kompetansen havnæringa treng og at dei er villige til å investere tid, eigen kompetanse og midlar i ei slik satsing, seier Marit Nerås Krogsæter, utvalsleiar for Kultur-, næring- og folkehelseutvalet. 
 
Ocean Network Satsinga vil grense opp mot Campus Kristiansund og vil vere eit utvida tilbod for opplæring og kompetanse på havbruk. I første omgang er dette eit forprosjekt der Ocean Network skal teste ut innhaldet saman med eigne bedrifter, samarbeidspartnarar og verkemiddelapparatet. Det langsiktige målet er å etablere ein permanent opplærings- og rekrutteringsarena. 
 
Kultur, næring og folkehelseutvalet behandla saka tysdag 8. juni. Les heile saksframlegget her.  
 
 

Kontakt