Ny organisering på plass i fylkeskommunen

Fylkeskommunen har i samband med prosjektet Omstilling 2020 fastsett ny administrativ organisering. Det er fleire større endringar i forhold dei gamle strukturane som mange kjenner. Den siste endringa kom på plass frå 1. oktober då ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole og næringsutvikling vart samla i ei kompetanse- og næringsavdeling.

Skriv ut

Ny organisering er fastsett på grunnlag av ei analyse der organisasjonen sine styrker, svakheiter og moglegheiter er kartlagt. Ny organisering skal fremme samarbeid på tvers og mellom nivå både internt og eksternt. Nye oppgåver og forventningar til fylkeskommunen gjennom regionreforma og endra økonomiske rammevilkår saman med behovet for å modernisere, effektivisere og profesjonalisere vår verksemd har lagt føringar for arbeidet. Vidare utvikling av organisasjonen og våre arbeidsformer blir no forankra i  Organisasjonsstrategi for Møre og Romsdal fylkeskommune vedtatt av fylkestinget i oktober 2020.

Dei viktigaste endringane i organisasjonen kan du lese om her:

Nytt kompetanse- og næringsområde

Etablering av kompetanse og næring som nytt fag- og tenesteområde inneber at vi ikkje lenger har ei utdanningsavdeling eller ei regional- og næringsavdeling. Dei synergiane vi ønskje å oppnå ved å etablere denne avdelinga er å legge til rette for eit heilskapleg utdanningsløp som er tilpassa næringslivets framtidige behov og å styrke dei vidaregåande skolane sin pådrivarrolle for å utvikle robuste lokalsamfunn og regionar. Dette krev ei heilskapleg utvikling av kompetanse- og næringsområdet. Tidlegare fylkesutdanningssjef Erik Brekken er kompetanse- og næringsdirektør med overordna ansvar for det nye fag- og tenesteområdet. Kariann D. Flovikholm er kompetansesjef med ansvar for vidaregåande opplæring, her også personalansvar for rektorane. Bergljot Landstad er næringssjef fram til ny næringssjef er rekruttert. Både kompetansesjefen og næringssjefen har ansvar underliggande fagområde med mellomleiarar som har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Avdelinga har også ein stab under leiing av assisterande kompetanse- og næringsdirektør.

Samferdsel – avdelingar for kollektiv og fylkesveg

Sentralt for ny organisering av samferdselsområdet er overføring av ansvaret for fylkesvegadministrasjonen frå Statensvegvesen ved nyttår 2020. Samferdselsområdet to fagavdelingar; Fram kollektivavdeling og avdeling for fylkesveg, tillegg til ein stabsfunksjon. Kvar avdeling er inndelt i seksjonar, der seksjonsleiarane har fag- og personalansvaret for sine tilsette. Arild Fuglseth er samferdselsdirektør og Magne Vinje er ass. samferdselsdirektør. Stig Helle-Tautra er sjef for Fram kollektivavdeling, medan Ole Jan Tønnesen er sjef for fylkesvegavdelinga. 

Kultur

Dagens hovudstruktur for kulturavdelinga blir vidareført, men med nokre endringar. Dette for i større grad å tilpasse avdelinga til nye oppgåver i samband med regionreforma og endra økonomiske rammevilkår. Avdelinga blir frå 01.10.20 organisert med fire fagseksjonar og ein stab. Dei fire fagseksjonane blir: Kunst- og kulturformidling - Arkiv, bibliotek, museum - Kulturarv - Folkehelse, idrett og friluftsliv. I seksjon for kulturarv er det ein fagkoordinator for feltarkeologi med personalansvar. Staben omfattar den tidlegare driftsseksjonen og staben. Modellen har tre grep for sterkare samhandling: lokal prosjektarena, prosjektkoordinatorar og tverrfaglege team. Leiargruppa i kulturavdelinga er den same som tidlegare med kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen som avdelingsleiar.

Tannhelse

For tannhelse er det ikkje endringar inn i den overordna organisasjonsstrukturen, men viser til eiga sak i fylkestinget desember 2019, sak T-87/19 om endringar i klinikkstruktur.

Stab for strategi og styring – skal sikre tettare kopling mellom plan og økonomi , strategiutvikling og satsinga på berekraft

Denne staben er samansett av medarbeidarar frå den tidlegare plan- og analyseavdelinga, heile økonomiseksjonen frå den gamle organisasjonsavdelinga, samt nokre andre funksjonar som ligg i andre stabs- eller linjeavdelingar. Her er det vurdert som særleg viktig å få løfta opp og kopla tettare saman miljøa som arbeider med plan- og strategiutvikling, med dei som koordinerer prosessane for økonomiplanlegging og verksemdstyring. Samordning av arbeidet med berekraft, by- og stadsutvikling er også lagt til denne staben. Det same er ung-koordinator og medråderettsordningane for ungdom. Avdelinga er organisert i tre seksjonar, og assisterande fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime er leiar for avdelinga. 

Stab for juridiske og administrative tenester

I denne avdelinga blir porteføljen i tidlegare juridiske avdeling samla saman med dokumentsenter og utvalssekretariat.  Avdelinga er organisert i fem seksjonar og juridisk sjef Gudmund Lode er leiar for avdelinga.

Stab for organisasjon og tenesteutvikling

Avdelinga får ei smalare oppgåvesamansetting enn i den tidlegare organisasjonsavdelinga, der ansvar for organisasjons- og tenesteutvikling, samt digitalisering og kommunikasjon no blir løfta fram. Endringa inneber også ei ny organisering av IT-tenestene der IT-ressursane blir samla under felles leiing. Avdelinga skal utviklast til å bli ein pådrivar og støttefunksjon for linjeorganisasjonen innafor organisasjons- og tenesteutvikling og digitalisering. Avdelinga har fire seksjonar,  Dag Lervik tiltrer som organisasjonssjef og tek over avdelingsleiaransvaret etter Nils Gunnar Solli frå 01.11.20.

Bygg- og eigedomsavdelinga

Blir vidareført med dagens organisering under leiing av bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brækkan.

Prosjektarena

For å fremje samarbeid internt på tvers og mellom nivåa i organisasjonen og eksternt, er det etablert ein prosjektarena. Prosjektarenaen skal legge til rette for verdiskapande samarbeid og god gjennomføring av større satsingar, prosjekt og program. Prosjektarenaen vert leia av porteføljeansvarleg Rune S. Opstad.

Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet

Ombodsfunksjonane blir flytta saman med kontrollutvalssekretariatet.