Ny podkast: Har trua på ei tryggare russefeiring
Ifølge SLT-koordinatoren i Ålesund var ei av russerebusane i fjor «noko av det verste du kan tenke deg, gangar ti». Men ho trur at vi allereie i år får sjå resultat av arbeidet som er gjort med å gjere russefeiringa tryggare og meir inkluderande.
SLT-koordinator Minda Myklebust får støtte av både russeleiarar i dei tre byane og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I podkasten Frampå spør vi kva som er gjort for å skape ei tryggare og meir inkluderande russefeiring. I fjor tok SLT-koordinatoren (SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak) kontakt med fylkeskommunen om å sette i gang eit pilotprosjekt mellom ulike etatar, og mellom kommune og fylkeskommune. På hausten blei det etablert arbeidsgrupper for pilotprosjektet der politi, skolehelsetenesta, Røde Kors, kommuneoverlege, SLT-koordinator, elev- og lærlingombodet og kompetansesjefen deltok.
Sentral i pilotprosjektet
SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune har vore sentral i pilotprosjektet og er opptatt av at dei må få arbeidet inn i felles rammer.
- Arbeidet vi har starta med skal absolutt ikkje avsluttast no. Det er no det begynner. Får vi til ti prosent endring i år, så kan vi gjere ti prosent også neste år, og då har vi komme opp i 20 prosent endring. Dette er eit langsiktig arbeid vi saman må gjere, seier ho.
Optimistisk kompetansesjef
Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm vil gjerne vente med å evaluere til etter russefeiringa, men seier ho har trua på arbeidet som er gjort:
- Mykje positivt har skjedd, og eg er optimistisk. Eg håpar at alle dei positive kreftene vi har høyrt frå russen sjølv, frå støtteapparatet rundt, kommunane, politiet, helsevesenet og ikkje minst det store arbeidet skolane har gjort, at det gir ei tryggare og meir inkluderande russefeiring, seier Flovikholm.
Russ: Betre rammar
Russeleiarane sjølve trur rammene rundt russefeiringa i år blir betre enn den har vore før om åra:
- Eg trur det og håpar det. Det verkar som om russen trivst godt saman og er fornøgd, seier leiar av russestyret ved Atlanten vgs., Ingrid Marie Gussiås.
- Vi har hatt eit arrangement i februar med 270 personar som vi har fått veldig positiv tilbakemelding på. Så trur eg det blir bra framover i russetida, for vi har fleire arrangement på gang, seier Noa Størksen Strandhagen, leiar av russestyret ved Molde vgs.
- Eg håpar det. Fleire har moglegheit til å vere med, alle er invitert, og alle føler på fellesskapet og ønsker å vere med. Det er det som er viktig, seier russepresident Eva Andersen Berg ved Ålesund vgs. avdeling latinskolen.