Nye prøvenemnder for fag- og sveineprøver er klare

Møre og Romsdal fylkeskommune har no oppnemnd nye medlemmer til prøvenemndene. Prøvenemndene er ein viktig del av norsk fagopplæring. Nemndene har eit stort ansvar som sensorar i fag- og yrkesopplæringa gjennom å kvalitetssikre den avsluttande fag-/sveine-/kompetanseprøva.

Skriv ut

Partane i arbeidslivet har kome med forslag på medlemmer, og prøvenemndene blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen. Prøvenemndene følgjer fylkestingperioden og blir oppnemnd for fire år om gongen. Det er sendt ut informasjon til dei nye prøvenemndene og det blir gjennomført samlingar i februar. På samlingane skal prøvenemndene få opplæring i prøvenemndsarbeidet.

Vi ønsker prøvenemndene til lukke med det viktige samfunnsoppdraget.