Nyheitsbrev om plan

Fylkeskommunen og Statsforvaltaren sender ut felles nyheitsbrev om plan, til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrev 3/21. 

Skriv ut

KLIMASNU-prisen 2021

Fristen for å melde kandidatar nærmar seg! Kven bør få Klimasnuprisen 2021? Har din kommune eller ein organisasjon/bedrift i kommunen utmerka seg i arbeid med klimaomstilling?

Meld inn kandidatar som i sitt arbeid:

  • har særleg engasjement kring klimasaka eller gjer ein særleg innsats for omlegging av eigen eller andre sin kvardag mot eit lågutsleppssamfunn
  • gjer oss betre rusta til å tole klimaendringar

 

Meld inn kandidatar her: Nominasjon til prisen for Klimasnu 2021 (office.com) Det tek maks. 10 minutt å fylle ut skjemaet. Her kan du lese meir om Klimasnuprisen og om den tverrfaglege satsinga Klimasnu hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

 

Frist for å melde kandidatar er 1.oktober 2021.

 

Ny nasjonal handlingsplan for universell utforming

Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming 2021–2025 skal bidra til eit berekraftig og likestilt samfunn gjennom utforming av fysiske og tekniske omgivnader. Handlingsplanen Bærekraft og like muligheter - et universelt utformet Norge omfattar mellom anna tiltak retta mot arealplanlegging, infrastruktur, bygg, transport og digitalisering, i tillegg til utvikling av universelle løysingar på nye område.

 

Ny rettleiar om universell utforming i planlegging

KMD har utarbeidd ein ny rettleiar for universell utforming i planlegging. Rettleiaren er tilgjengeleg både på bokmål og nynorsk:

 

 

Nye sjøbotnkart i Ålesund og Giske

Etter eitt års kartlegging finst det no nye detaljerte kart over sjøbotnen i Ålesund og Giske. Karta som er utgitt inkluderer kornstorleik av botnsediment, sedimentasjonsmiljø, landformer, botnfellingsområde og gravbarheit. Etter kvart vil det òg kome kart over naturtypar, sårbare og verdifulle habitat, modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur. Marine grunnkart i kystsona kan du finne i karttenesta GisLink.

Les meir om prosjektet her.

 

Ta vare på myra

Øydelegg du myra, risikerer du å sleppe ut karbon som har vore lagra sidan istida. Med god planlegging kan kommunen ta vare på myra som karbonlager. På Statsforvaltaren sine heimesider kan du lese meir om myr. Store mengder ikkje-kartlagt myr i fjellet er elles ei planleggingsutfordring. Sjå artikkel i tidsskriftet Plan.

 

Bylivkonferansen 2021

Årets bylivskonferanse tek utgangspunkt i regjeringas nasjonale strategi for berekraftig utvikling, og dei tre strategiane for småbyar, fjell & innland og kyst som no er lanserte. Konferansen vert arrangert 3.-4. november og vil vere digital.

 

Oppdatert jordvernstrategi

Oppdatert jordvernstrategi vart vedteken i Stortinget 16. juni 2021. Regjeringa vil at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstige 3 000 dekar, og at målet skal vere nådd innan 2025.

 

Ny fylkesstrategi for landbruk

Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal for 2022 – 2025 er under arbeid. Den vert til i tett samarbeid mellom representantar frå landbruksnæringa, forsking og forvaltning. Målet med fylkesstrategien er å lage ein langsiktig plan for landbruket og landbruksretta næringsutvikling i fylket. Planen skal nyttast som styringsdokument for politikarar, forvaltning og landbruksnæringa. Fylkesstrategien vil, i lag med fylkesplanen, vere førande for kommunar og regionale statsetatar, og kan nyttast til å fremme motsegn.

 

Klimasamling digital del

Klimasamlinga i Ålesund 11. og 12. november vert følgd opp av ei rekke digitale seminar med mange ulike tema. Seminara varer ca. to timar og vert gjennomført i perioden 16.11 til 13.01. Dette er eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Statsforvaltaren og fylkeskommunen. Oversikt over seminara ligg på klimasamlinga si programside. 

   

Ny fylkesstrategi for byar og tettstader

Fylkeskommunen er i gang med ny Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader. I oppstartsmeldinga frå mars står det mellom anna: «Formål: Medverke til å styrke og utvikle eksisterande by- og tettstadsenter, fremme berekraftig arealbruk og transport, og legge til rette for sosial berekraft».

 

Første del av opplegg for medverknad er under Tettstadseminaret på Vestnes 30. september – 01. oktober. Her blir det arbeidsverkstad for å gi innspel til strategiarbeidet. Anna ekstern medverknad vil bli rulla ut utover hausten. Følg med!

 

Berekraftkoordinator

Berekraftsenteret for arealforvaltning og naturmangfald på Tingvoll har fått tilsett eigen fagkoordinator, Tonje Liverød. Lurer du på kva senteret kan bidra med, ta gjerne kontakt. Her finn ein ei kort oversikt over kva senteret skal jobbe med:  Berekraftssenteret_hvem, hva og hvorfor.pdf. Ein kan følge senteret på facebook for å få oppdatering om konkrete arrangement.

 

Kommunalbanken om klimarisiko

Kommunalbanken har ei eiga side om klimarisiko. Kva slags klimarisiko står vi overfor i Norge, og korleis kan klimaendringar, klimapolitikk og teknologiutvikling utgjere ein finansiell risiko lokalt?

 

Prosjekt skal gje betre oversikt over mineralressursane

Det er sett i gang eit par prosjekt med sikte på at ein over tid skal få betre oversyn over mineralressursane i fylket. Samarbeidspartar i dette er Direktoratet for Mineralforvalting  (DMF) og Norges geologiske undersøkingar (NGU). Førstnemnde er eit statleg forvaltingsorgan som mellom anna gir konsesjonar til mineraluttak, herunder også grus/sand og pukk til byggeformål. Direktoratet vil utarbeide eit ressursoversyn med utgangspunkt i gitte konsesjonar, der det kommunevis blir gjort greie mellom anna for ressursane si levetid, transportavstandar m.v.  NGU er ein statleg etat underlagt Nærings- og fiskeridepartementet og skal ut frå sitt oppdrag kartlegge mineralressursane, og gjere kunnskapen om desse opent tilgjengeleg. Det har vore eitt felles møte mellom fylkeskommunen og NGU med sikte på eit felles kartleggingsprosjekt. Kva og korleis er enno ikkje bestemt, men det er truleg nødvendig å starte med ei detaljering i målestokk 1:50 000 av det elementære berggrunnskartet, og deretter bygge kunnskapen vidare med meir spesifikt retta kartleggingar, til dømes av mineral som allereie er bygd verksemder på i fylket. Når prosjekta kjem i gang, vil vi ta nærare kontakt med kommunane.

 

Ny oppdatert rettleiar om konsekvensutgreiingar

KMD har utarbeidd ein ny, oppdatert rettleiar om Konsekvensutredning for planer etter plan- og bygningsloven. Endringane i oppdateringane omfattar i hovudsak presiseringar og rettingar av  teksten.

 

Tre webinar om naturmangfald i kommunane

Webinarserien er aktuell for alle som jobbar med arealforvaltning i kommunane. Målet er å styrke kunnskapen om å ta vare på naturmangfald i arealplanlegginga. Webinara 22.09 og 29.09 kan sjåast i opptak.

  • 22. september: «Tap av naturmangfold må stanses»
  • 29. september: «12 år med naturmangfoldloven – Hvordan har det gått?»
  • 27. oktober kl. 10 -11.15: «Kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald»

Påmelding og meir informasjon finn du her.

 

Nasjonal sjøplankonferanse i Molde 26. og 27. oktober –  «Kampen om sjøareala»

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til nasjonal plankonferanse om sjøareala. Konferansen vil vere arenaen kor moglegheitene og utfordringane ved bruk av sjøareala blir teke opp. På programmet står eit breitt utval av foredragshaldarar. Her er ein smakebit frå Dag O. Hessen sitt foredrag. Ønskjer du å følgje konferansen digitalt, eller delta på konferansen fysisk, sjå program og påmeldingsside.

 

Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen har fått Kulturlandskapsprisen 2021 Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.

Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001, med unntak av 2018.

 

Nyheitssaker på nett hos Statsforvaltaren

Fleire nyheitssaker frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal finn du på heimesidene under fana

Nyhende

 

Oppdatering av planlegging.no

Vi minner om at KMD sine nettsider om  planlegging etter plan- og bygningslova er lagt om.

 

Aktuelle nyheitsbrev frå KMD

Vi minner óg om KMD sine digitale nyheitsbrev. Dette omfattar m.a. Plannytt, Kommunalnytt, Regionalnytt og Nyheitsbrev om stadutvikling.

 

Motsegn og mekling

Kommunen har ansvar for at nasjonale og regionale interesser blir tatt omsyn til i planlegginga. Reglane om motsegn skal sikre at kommunane ikkje vedtar planar i strid med nasjonal eller regional politikk. Når det ligg føre ei motsegn til eit planforslag, kan ikkje kommunen vedta planen. Saka kan gå vidare, anten ved at kommunane endrar planen, det vert gjennomført mekling, eller at planen går direkte til avgjerd i departementet (KMD).  

  • Det er utarbeidd eit eige rundskriv H-2/14 om retningslinjer for motsegn i plansaker. Rundskrivet gir ein nærare omtale av motsegnsordninga, oversending av saker til departementet og departementet si vidare behandling av sakene.
  • Eit eige rundskriv T-2/16 om nasjonale og vesentlege regionale interesser på miljøområdet inneheld ei nærare klargjering av motsegnspraksis på klima- og miljøområdet.

 

Informasjon om planlegging og arealforvaltning på Statsforvaltaren sine heimesider

Statsforvaltaren har samla aktuell informasjon og artiklar knytt til planlegging og arealforvaltning etter plan- og bygningslova på våre heimesider. Innhaldet blir fortløpande oppdatert. Her finn du også  oversikt over tidlegare utgåver av felles nyheitsbrev  frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen.

 

Kommunedata

Statsforvaltaren har utarbeidd eit kart med lenker til relevant statistikk over kommunedata frå ulike offentlege etatar.  Ny oppdatert versjon med 14 ulike tema knytt direkte inn mot enkeltkommunar er no tilgjengeleg.

 

Leve hele livet og lokale planprosessar

Stortingsmelding 15 (2017–2018) Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre, legg opp til lokale prosessar for planlegging og gjennomføring. Dette betyr at kommunane ved hjelp av medverknad og analyse skaffar innsikt i eigne behov, synleggjer plan og prosess for gjennomføring og korleis reforma er tenkt integrert i kommuneplanens samfunnsdel. I samband med dette er det utarbeidd ein eigen erfaringsguide  som viser eksempel på korleis kommunane kan arbeide med lokale planprosessar knytt til Leve hele livet. Meir informasjon om reforma og reformprosessen finn du på Statsforvaltaren sine heimesider

 

Fylkesstatistikken er snart klar

Den årlege fylkesstatistikken frå fylkeskommunen vil verte publisert i midten av oktober. Som vanleg viser den utviklingstrekk innanfor ei rekke samfunnsområde og gir eit solid kunnskapsgrunnlag både for politiske og administrative avgjersler i fylket vårt. Den blir publisert på fylkeskommunen sine nettsider og som tradisjonell papirutgåve.

 

Nytt rundskriv om ladepunkt mv.

Det er kome nytt rundskriv som gjeld etablering av ladepunkt og ladestasjoner for elektrisk drivne kjøretøy (elbilar) og fartøy med batterielektrisk framdrift – forholdet til plan- og bygningslova mv. I rundskrivet slår departementet fast at ladestasjonar må sjåast på som nødvendig teknisk utrusting til parkeringsplassar. Som hovudregel vil det derfor vere høve til å etablere ladestasjon alle stader som er avsette til parkering i arealplan.

 

Folkehelsestatistikk

I førre nyheitsbrev viste vi til arbeidet som er gjort i samband med folkehelsestatistikk for kommunane. Vi minner om at fylkeskommunen har systematisert frekvenstabellane for alle spørsmåla for alle kommunane. Statistikken er å lese på fylkeskommunen sine nettsider.

 

 

Kontakt