Nyheitsbrev om plan

Fylkeskommunen og Statsforvaltaren sender ut felles nyheitsbrev om plan til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som var omtala i nyheitsbrev 4/21.

Skriv ut

NYHEITSBREV DESEMBER 2021

 

Redusert kapasitet på fylkesvegavdelinga

Fylkesvegavdelinga, plan- og trafikkseksjonen, vil frå årsskiftet og vel eit halvår framover ha redusert kapasitet i saksbehandlinga. Dette gjeld uttale til planar etter plan- og bygningslova, vedtak etter veglova, uttale til nabovarsel frå fylkeskommunen som vegeigar og førehandsuttale i plan- og veglovssaker. Fylkeskommunen har sendt brev til kommunane om dette.

 

Webinar om klimareduksjon og klimatilpassing

Mange deltok på klimakonferansen i Ålesund i november. På Miljødirektoratet si heimeside finn de presentasjonar frå konferansen og opptak av webinar om klimautslepp og klimatilpassing som har vore arrangert i etterkant av konferansen.  Miljødirektoratet har arrangert mange webinar om klimautslepp i 2021. Desse er råd å sjå i opptak.

 

Folkehelse- og friluftslivssamling

Vi har tidlegare invitert til folkehelsesamling på nyåret. Vi må dessverre avlyse den fysiske folkehelsesamlinga 18.-19. januar, men vi arrangerer eit kort webinar 18. januar. Tema for webinaret er

  • Folkehelseundersøkinga 2021
  • Berekraft og folkehelse
  • Utvikling av nettbasert folkehelseoversikt for kommunane på Søre Sunnmøre

Fysisk samling er utsett til 28.-29.03.

Program og påmeldingsskjema for webinaret ligg her.

Vel møtt til webinar!

 

Nybrottsarbeid skal styrke kommunen som samfunnsutviklar

Korleis kan distriktskommunar utnytte sitt handlingsrom til å påverke samfunnsutviklinga i den retninga dei ønsker? Det skal eit samarbeid mellom Distriktssenteret, 3 fylkeskommuner og 14 kommuner finne ny kunnskap om. Fire kommunar frå Møre og Romsdal er med: Sande, Fjord, Tingvoll og Aure. Les på meir på Distriktssenteret sine sider.

 

Erfaringar og råd frå kommunane i arbeid med sentrumsutvikling

Tettstadprogrammet arrangerte Tettstadseminaret på Vestnes 30.09-01.10. Målgruppa var kommunar som jobbar med sentrumsutvikling, og formålet med seminaret var fleire;

  • Tilby kommunane kunnskapspåfyll gjennom faglege innlegg
  • Invitere til erfaringsutveksling og dialog mellom deltakarane
  • Besøke ein av dei aktive kommunane i Tettstadprogrammet og gå på synfaring i byrom som er realisert i samarbeid mellom kommune, lokalt næringsliv og fylkeskommunen
  • Inspirere og motivere til vidare arbeid med tettstadsutvikling
  • Sikre innspel/medverknad til arbeidet med ny fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar

 

I tillegg til forelesningar og byvandring vart det gjennomført ein arbeidsverkstad som er oppsummert i ein rapport. Svara frå dei ulike gruppene er samanstilte, og det er lagt til nokre eksempel som er henta frå nokre av dei lokale innlegga på seminaret. Rapporten kan vere til inspirasjon og nytte for fleire enn dei som deltok på seminaret.

 

Riksantikvaren sin klimastrategi

Ein auka sirkularitet i byggenæringa, samt bruk og ombruk av bygningar og kulturmiljø kan vere avgjerande for reduksjon av  klimagassutslepp. Klimaendringane gjer at vi står i fare for å miste viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap. Riksantikvaren sin nye klimastrategi viser korleis kulturmiljø bidrar til å redusere klimagassutslepp, og inneheld konkrete tilrådingar til kommunar og offentlege eigedomsforvaltarar om oppfølging av klimatilpassing og reduksjon av klimautslepp.

 

Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader

Arbeidet med Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader går etter planen. I haust har det vore tettstadseminar på Vestnes, og by- og tettstadbolk på Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes, begge med arbeidsverkstader. Det har vore arbeidsverkstad med ungdommens fylkesting, og to møter i ekstern brei prosjektgruppe. Ny handelsanalyse for Møre og Romsdal er ferdig, og vil få eigen presentasjon. Innkjøp av to fortettings-analysar, i Molde og på Skei i Surnadal, ligg ute i marknaden. I tillegg blir det arbeidd med ein kampanje i sosiale medium og på fylkeskommunen si nettside for å opne for innspel til strategiarbeidet på nett.

 

Fylkesstrategi for kultur, frivilligheit og arenaer og Regional plan for vassregion Møre og Romsdal vart elles vedteke på fylkestinget i desember.

 

Riksantikvaren sin bystrategi

Kulturminne og kulturmiljø gir byar og tettstader særpreg og gjer dei unike. Kulturmiljø bør derfor vere eit utgangspunkt og ein ressurs i stadutvikling, og kan vere eit viktig bidrag til gode og attraktive tettstader. Riksantikvaren sin nye bystrategi gir tilrådingar for korleis kulturmiljøverdiar kan bli brukte som ein ressurs for å utvikle levbare byar og tettstader. 

 

KMD - landskonferansen i plan og bygningsrett 2021

Landskonferansen i plan- og bygningsrett vart arrangert i Trondheim 10.- 12. november 2021. Presentasjonar frå konferansen er tilgjengeleg på KMD sine nettsider.

 

KMD – Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021

Den årlege nettverkssamlinga for regional og kommunal planlegging i regi av KMD vart gjennomført i Oslo 1 . – 2. desember 2021. Presentasjonar frå konferansen er lagt ut på KMD sine nettsider.

 

Bylivsenteret - oppdatert handbok i aldersvennleg stadutvikling

På oppdrag frå Helsedirektoratet laga Norske arkitekters landsforbund i 2019 ei handbok i aldersvennleg stadutvikling. Handboka har no blitt oppdatert med tre nye eksempel. Den skal gi nyttige råd og praktiske tips til kommunane i arbeidet med å skape gode og aldersvennlege byar og tettstader.

 

Bylivsenteret - Bylivskonferansen 2021 tilgjengeleg i opptak

Årets konferanse gjekk digitalt 3.-4. november. Temaet var «Småbyliv – strategier for bærekraftig stedsutvikling». Gjekk du glipp av konferansen? No er den tilgjengeleg som opptak.

 

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommunen 2022

Tilskotsordninga for å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald vert vidareført i 2022. Målet med ordninga er å styrke naturforvaltninga i kommunane og bidra til større bevisstheit kring eigne naturverdiar. Fristen for å søke om tilskot er 1. februar, men søknadsprosessen bør starte allereie no.

 

Kampen om sjøareala - sjå foredraga frå sjøplankonferansen

No er alle foredraga frå sjøplankonferansen tilgjengelege. Du kan også sjå heile konferansen i opptak.

 

Satsar på ungt entreprenørskap og digital helseplattform

Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut statlege midlar (skjønnsmidlar) til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Kommunane i Møre og Romsdal får i 2022 øyremerka midlar til ungt entrepenørskap og digital helseplattform.

 

Bioenergi i Møre og Romsdal - samfunnsinteresse i biovarme

Vi ser at flisfyring, bioenergi og biovarmeanlegg er element som gir oss betre energifleksibilitet. Flisfyring fører til betre bruk av biomasse som elles ikkje går inn i noko anna verdikjede. Tilgang til energi er viktig for omtrent alle utfordringar og høve vi møter i dag - jobbar, tryggleik, klimaendringar, matproduksjon og moglegheiter for auka inntekt. Energiproduksjon og -forbruk er den største medverkinga til klimaendringar, gjennom utslepp av CO2 og andre klimagassar. Les meir på Statsforvaltaren si heimeside.

 

Fleire nye biovarmeanlegg i Møre og Romsdal

Frå 2016 til i dag har totalt 17 føretak i Møre og Romsdal fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom bioenergiprogrammet. Her er støtte til gardsvarmeanlegg, anlegg for varmesal, varmeanlegg for veksthus, biogassproduksjon, lager- og tørkeanlegg for brenselsflis, konsulenthjelp til forstudiar, forprosjekt og utrekningar og kompetanse- og informasjonstiltak.

 

Vil du vite noko om utslepp frå norsk industri?

Kanskje du ønskjer å vite kva industrien i nærleiken av deg har lov til å drive med? Og kva slags utslepp dei har? Mange svar finn du på nettsida «Norske utslipp».

 

KMD - oppdatert rettleiar om barn og unge i plan og byggesak

I planlegging og i krav til kvart enkelt byggjetiltak skal omsynet til barn og unge sikrast. Denne rettleiaren viser korleis plan- og bygningslova kan medverke til å sikre og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Kapittelet om kommunelova er oppdatert. Det same er modellen over planleggingsprosessen.

 

Forprosjekt om klimaverktøy til kommunane

Rambøll har på oppdrag frå KMD gjennomført eit forprosjekt om eit klimaverktøy for kommunal planlegging. Rapporten kan lesast her.

 

KMD: Plannytt – nyheitsbrev om planlegging etter plan- og bygningslova

Her er lenke til Plannytt 5/2021.

 

Nyheitsbrev for «Leve hele livet» - november 2021

Leve hele livet-konferansen 2021- sjå konferansen her.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.