Nytt dataspel: No kan du redde Veøya frå vikingangrep
Veøya i vikingtida har blitt til dataspel! Her kan du prøve deg som skaldelærling, lære deg å kvade, utforske mystiske stader og forsvare øya mot angrep.
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har utvikla dataspelet Brageskålen gjennom ei større satsing på verdiskaping av kulturminne.
- Brageskålen ei engasjerande oppleving om korleis det var å leve på Veøya for om lag 1000 år sidan. Det er eit narrativt dataspel der teksten driv historia framover, med bilde, karakterar og minispel, seier prosjektleiar Torgeir Brun i fylkeskommunen.
I spelet får du utforske vikingsamfunnet i Romsdalsfjorden, der leidangen er samla før slaget ved Hjørungavåg, men fienden er nærmare enn ein trur. Samtidig rammer ei mystisk forbanning krigarane på øya. Spelaren går inn i rolla som skaldelærling, og er den einaste som kan stoppe fienden og løyse mysteriet.
No er informasjon om Brageskålen sendt til alle skolar i fylket, men alle kan laste det ned og ta det i bruk.
- Fortellinga er fiktiv, men skjer likevel i truverdige historiske rammer. Spelet er lagt til Veøya, men det viser korleis livet har vore i regionen i vikingtida og i mellomalderen.
Du bestemmer handlinga
I Brageskålen vel du sjølv kva retning historia skal ta, og korleis spelet sluttar er difor opp til deg. Med dei mange moglegheitene kan du spele fleire gongar og oppdage noko nytt kvar gong. Og det er ikkje garantert at du overlever.
- Du treng ikkje ha erfaring med dataspel frå før for å spele Brageskålen. Du treng heller ikkje kunne mykje eller noko om vikingtida. Spelet er for alle aldrar, og er tilgjengeleg på datamaskin og som app på mobiltelefon, seier Brun.
Dataspel i undervisninga
Målet med spelet er at skolar, lærarar og elevar skal bruke det som ein del av undervisinga. Det har allereie har vore på testrunde til fleire skolar, og tilbakemeldingane er positive.
- Spelet får mine beste anbefalingar. Illustrasjonane, musikken, presentasjonen, rollegalleriet, valfridomen – alt var godt og sat flott saman. Det er både underhaldande, lærerikt og gøy; ein kombinasjon mange pedagogar strevar etter. Ifrå eit læreplan-perspektiv, dekker spelet tema innan faga norsk, historie og religion på ein god måte, seier lærar Jarle Haktorson.
Spelet er utvikla av Tidvis Utvikling AS med Møre og Romsdal fylkeskommune, og manuset er skrive av historieforteljar Torgrim Mellum.
Det er eit produkt av prosjektet «Ein bit av historia». Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og regionalt forskingsfond og er organisert som eit FoU-samarbeid mellom fylkeskommunen, NTNU Vitenskapsmuseet, NIKU – Norsk institutt for kulturminneforskning, Kulturtanken, Nordmøre museum, Romsdalsmuseet, Smøla kommune, Fortidsminneforeningen og Tidvis Utvikling AS.
- Hild, datter av Veøyas smed. Sterk og vakker som ei valkyrie
- Alvgeir, son av Veøyas volve. Han har noko mystisk over seg
- Munin Alvgeirs ravn og trufaste hjelpar
- Arni, Veøyas skald. Din fosterfar og læremeister
- Orm, son av hovdingen på Veøya
- Brigid, ei av trellene til hovdingen
- Haugfrua, ei hulder
- Jomsvikingane, som følge Wikipedia var ei gruppe vikingar som levde på 900- og 1000-talet. Og som haldt til i Jomsborg som lå ved kysten av Tyskland eller Polen. I 986 skal dei ha gått til angrep på Håkon jarl, men vart nedkjempa, ved slaget ved Hjørungavåg.
Kva betyr Brageskålen?
Brageskålen – skål gjort til ære for Brage, guden for diktning og skaldekunst. Den som gjorde ein brageskål erklærte samtidig at han skulle utføre ein stor bragd. Ein slik skål var bindande og det låg stor skam i å feile eit slikt løfte.