Nytt for deg som reiser med buss via Nordlandet i Kristiansund

Tar du buss via Nordlandet i Kristiansund? No er det betre korrespondanse mellom Dale og Futura/Løkkemyra. I tillegg blir det fleire avgangar med buss forbi Nordlandskaia.

Skriv ut

Bruk Nordlandskrysset for overgang mellom Dale og Futura/Løkkemyra

No kan reisande bruke overgang mellom Dale og Futura/Løkkemyra, med å bytte mellom rutene på haldeplassen ved Nordlandskrysset. Reisande må da bruke haldeplassen på andre sida av vegen. Dette er no mogeleg etter ei omlegging av kollektivtilbodet i Kristiansund.

Korrespondansane gjeld overgang frå/til rute 802 Dale-Kristiansund lufthavn og frå/til 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn, 811 Kristiansund sentrum-Sødalen og 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøy.

 

Betre kollektivtilbod forbi Nordlandskaia frå 1. mars

På kvardagar frå 01.03.21 blir det fire avgangar for rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen som vil køyre via Nordlandskaia.

Bussen vil køyre via Nordlandet Sundbåtkai måndag-fredag klokka 12.41, 16.06, 17.41 og 22.16 forbi Futura og vidare til Aure. Frå Aure vil bussen køyre forbi Futura og via Nordlandet Sundbåtkai klokka 10.40, 15.10, 17.10 og 20.10 måndag-fredag.

For rutene 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel vil fortsett ha dei same avgangstidene som i dag forbi Nordlandskaia.

Kontakt