Nytt kollektivtilbod for bussane i Kristiansund

Frå og med 17. august 2020 blir det fleire store og viktige endringar i rutetilbodet for bussane i Kristiansund. Endringane er eit resultat av prosjektarbeidet til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og Averøy kommune i tillegg til tilbakemeldingane frå innbyggarane.

Skriv ut

- Kort fortalt går endringane ut på at det blir enda enklare og meir forutsigbart å reise kollektivt med bussane i Kristiansund og til/frå Averøy. Det blir òg enklare med mange avgangar på strekninga mellom Kristiansund sentrum og Futura/Løkkemyra, seier rådgivar Frode Kvalheim i driftsseksjonen til FRAM.

- Målet med endringane er at rutene skal vere lette å forstå, bussane blir meir presise, og i tillegg utvidar vi rutetilbodet som blir betre på kvelden og i helgane enn tidlegare. Spesielt med eit utvida tilbod på laurdagar og søndagar. Noko vi har fått tilbakemeldingar frå innbyggarane om, legg Kvalheim til.

For oppdatert ruteinformasjon, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00. Du kan også besøke Kristiansund trafikkterminal ved spørsmål om kollektivtilbodet.

Endringane

Her kan du sjå nærmare på kva for endringar som er gjort på rutene:

501 Kristiansund-Bruhagen-Hoset-Kårvåg

  • Ruta køyrer Kranaveien ut av sentrum
  • Frå 17. august og fram til slutten av september køyrer ruta Langveien i staden for Kranaveien på veg mot sentrum. Når arbeidet i Kranaveien er ferdig vil også bussane til sentrum køyre Kranavegen.
  • Avgangane til rute 503 Bruhagen-Kvernes-Kårvåg blir køyrd av rute 501 mellom Bruhagen og Kristiansund (alle avgangane mellom Kristiansund og Bruhagen blir køyrd av rute 501). Målet med endringa er å korte ned reisetida mellom Kristiansund og Averøy, og dette går ved å køyre bussane inn og ut av Kranavegen.
  • Ruta får eit godt samband med andre ruter, særleg med rutene 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya, som køyrer direkte mellom Løkkemyra og sentrum. Som gir gode moglegheiter for deg som reiser til og frå Løkkemyra for eksempel.

801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Melkvikan-Løkkemyra-Kristiansund lufthavn (raskaste veg og ikkje i ring lenger)
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Løkkemyra-Melkvikan-Sentrum (raskaste veg og ikkje i ring lenger)
  • På avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta oftare
  • Om morgonen køyrer avgangane frå Kristiansund lufthavn via Vikan (Vikansvingen)
  • Om kvelden køyrer avgangane frå sentrum via Vikan (Vikansvingen)
  • Alle avgangar fram til klokka 10.00 blir køyrd via Algeaveien og Nordlandet Sundbåtkai på avgangar mot sentrum
  • Alle avgangar frå kl. 18.00 blir køyrd via Nordlandet Sundbåtkai og Algeaveien på avgangar frå sentrum på kvardagane
  • På søndagar er rute 812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya som vil køyre via Nordlandet Sundbåtkai og Algeaveien
  • I tillegg vil minibussen på rute 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel tre avgangar frå sentrum til Nordlandet (kl. 11.07, 13.07 og 15.07)

802 Dale-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Dale-Kristiansund lufthavn (direkte og ikkje i ring lenger)
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Dale-Sentrum (direkte og ikkje i ring lenger)
  • Avgang kvar halvtime og på avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta kvart kvarter
  • På avgangane frå sentrum om ettermiddag og kveld køyrer ruta opp til snuplassen i Torvhaugan (etter kl. 14.40)
  • På avgangane frå Kristiansund lufthavn køyrer ikkje ruta via Torvhaugan
  • Reisande frå Torvhaugan til sentrum kan bruke haldeplassane i Gløsvågveien eller Dalegata
  • Utvida tilbod laurdag og søndag

803 Karihola-Idrettsparken

  • Ny ringrute med trasé Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kranaveien-Sentrum med avgang kvar halvtime til kl. 17.05, etter dette avgang kvar time på kvardagar
  • God korrespondanse frå Sundbåten
  • Utvida tilbod på morgonen laurdag og søndag
  • Frå 17. august er det korrigert trasé på grunn av delvis stenging i Kranaveien fram til slutten av september. Korrigert trasé vil vere: Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kristiansund stadion-Brunsvika-Sentrum

807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel

  • Ny rute som vil erstatte rutene 804 Innlandet, 805 Skorpa-Milnbergan og 806 Øvre Bydel
  • Ruta køyrer følgande trasé: Sentrum-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum
  • Ruta køyrer følgande trasé på nokre avgangar: Sentrum-Kranaveien-Wilhelm Dalls vei-Nergata-Omagata-Verkstedveien-Futura-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum
  • Utvida tilbod måndag-søndag
  • Det vil vere eit FRAM Flexx-tilbod mellom Skorpa og sentrum

811 Kristiansund sentrum-Sødalen

  • Nytt tilbud mellom Sødalen og sentrum på skoledagar
  • Avgangar kvar halvtime til og frå sentrum mellom Sødalen og Rensvik-krysset i rushtida på morgon og kveld

812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya

  • Avgangar kvar halvtime mellom Godhaugen og sentrum i rushtida
  • Utvida rutetilbod på helg, avgangane begynner tidlegare med første framkomst til sentrum kl. 06.48 på laurdag og kl. 10.51 på søndag
  • Ny haldeplass ved Godhaugen

813 Rensvik-Bjørnvik

  • Ingen endringar på ruta

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.