Nytt og betre busstilbod i Ålesund, Sula og Giske

Raskare bussar, fleire avgangar, meir plass og betre for miljøet. Det kjem fleire forbetringar i busstilbodet når den nye anbodsperioden for buss startar i Ålesund, Sula og Giske 1. januar 2021.

Skriv ut

- Det er Vy Buss, som også køyrer i kontrakten i dag, som har vunne anbodet. Men det er gjort ein del forbetringar både i bussmateriell og rutetilbod som vi håpar dei reisande vil sette pris på, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar for FRAM.

Mindre utslepp og støy

Ti el-bussar skal i hovudsak køyre strekninga Hessa-sentrum-Moa-Magerholm. Det gir mindre klimagassutslepp og mindre støy både inni og utanfor bussen.

Doblar kapasiteten med leddbuss

Tre nye leddbussar doblar kapasiteten på avgangane dei køyrer, utan at det blir sett inn fleire bussar. Leddbussane skal i hovudsak køyre strekninga Ålesund sentrum-Moa, via Borgundvegen, der det er svært mange reisande.

Meir motorkraft gjennom tunnelane

I den nye kontrakten er det stilt krav til at bussane som skal køyre gjennom Ålesundstunnelane og Godøytunnelen skal ha meir motorkraft slik at bussane greier å halde farta i stigningane gjennom dei tre tunnelane.

Setebelte i alle bussar

Frå nyttår blir det setebelte på alle bussane, også bybussane.

- Dette er det ikkje krav om etter lova, men våre reisande har spurt etter setebelte også i bybussar. FRAM har difor satt det som tilleggskrav i kontrakten slik at bussreisa skal bli enda tryggare. På dei fire første seteradene både på by- og forstadsbussane er det ekstra lange setebelte slik at alle skal finne eit belte som passar, seier Stig Helle-Tautra.

Bybussen i Ålesund raskare fram

På bybussane i Ålesund blir det no mogleg å gå på bussen både igjennom fram- og bakdøra  og det blir billettlesarar både framme og bak i bussen. Da går det fortare å få folk på og av bussen og han kjem raskare fram. Dei som skal kjøpe billett hos sjåfør, må framleis gå på framme.

Enklare å lade mobilen på bussen

Dei nye bussane har USB-tilkopling på kvar seterad for lading av mobilar. Slik blir det enklare for reisande å lade mobilen under reisa. Når billetten er digital, er det du som reisande som har ansvar for å ha straum på mobilen ved billettkontroll.

Justeringar i rutetilbodet

  • Rushtidsperioden blir auka med 2,5 timar dagleg og er no definert til kl. 0700-0900 om morgonen og kl. 1330-1730 på ettermiddagen. Det betyr at det blir ein lengre periode med tettare avgangar.
  • Det blir dobling i frekvensen i rushtidsperioden på «Ekspressen», linje 631 Ålesund-Lerstad-Magerholm og 632 Magerholm-Lerstad-Ålesund. Det gir avgangar kvart 10. minutt på strekninga Flisnes-Ålesund sentrum.  
  • Linje 633 Akvarium-Sentrum-Lerstad-Moa og 634 Moa-Lerstad-Sentrum-Akvarium, får dobling i frekvensen i rushtidsperioden. Det gir avgangar kvart 30. minutt.  
  • Auking av frekvens i rushtidsperioden på strekninga Moa-Myrland, frå halvtimesfrekvens til 20-minuttsfrekvens. 
  • Linje 603 Slinningsodden-Flisnes og linje 605 Sævollen-Myrland blir frå 1. januar 2021 ein del av linje 601 Hessa-Magerholm. 
  • Linje 604 Flisnes-Sævollen og linje 606 Myrland-Slinningsodden blir frå 1. januar 2021 ein del av linje 602 Magerholm-Hessa. 
  • Nokre ruter som berre har vore nytta til skuleskyss på morgonen, er gjort om til ordinære bussruter slik at alle som ønskjer det kan bruke bussane. Det gir fleire avgangar tilgjengeleg for alle, og det frigir «rutekilometer» som kan brukast for å auke talet på avgangar. Endringane får betyding for skulane Spjelkavik ungdomsskule, Kolvikbakken ungdomsskule, Spjelkavik vidaregåande skule og Borgund vidaregåande skule. 
  • Haldeplassen Åsestranda i retning aust blir avvikla fordi han ikkje kan tilpassast leddbussar. Næraste stopp som er Ytreberg, ligg 260 m vestover. Til Åse vest er det 305 meter austover. Haldeplassen vil framleis vere i bruk i retning vest (mot sentrum). 

Kontakt