Nytt på alle skolar: No kan elevane sende elektronisk varsel om mobbing

I dag har vi lansert ein varselknapp mot mobbing på alle nettsidene til vidaregåande skolar i fylket.

Skriv ut

Med nokre få tastetrykk kan elevane no melde frå om at dei sjølv eller andre elevar ikkje har det bra på skolen. Knappen skal vere godt synleg på elevportalen til alle vidaregåande skolar i fylket.

- Vi ønsker at terskelen for å melde frå om mobbing skal være så låg som mogleg, og håpar at lanseringa av eit digitalt varslingssystem vil bidra til akkurat det. Alle elevar kan sende varsel, når som helst på døgnet. Dette er ein del av det systematiske arbeidet vårt for eit trygt og godt skolemiljø. Målet er at alle elevar skal trivast på skolane våre, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.  

Varsel til rektor

Når eleven trykker på knappen, går varselet direkte til rektor og assisterande rektor. Dei vil deretter ta kontakt med eleven for å høyre kva som har skjedd.

Det er Fylkestinget som har vedtatt ordninga, og den er meint å supplere det arbeidet skolane allereie gjer for å førebygge, forhindre og stoppe mobbing.  

Fleire kanalar

Mobbeombod for vidaregåande opplæring, Anita Alnes Solevåg, er positiv til det nye supplementet:

- Eg er særs glad på elevane sine vegner at dei no får ein ekstra kanal til å varsle om mobbing og andre krenkingar.

Ho understreker likevel kor viktig det er at elevane har vaksne å vende seg til:

- Aller mest håper eg at elevane har lærarar og andre vaksne i skulen, som dei vågar å fortelle kva dei vert utsett for, eller kva dei har vore vitne til.

Varselknappen mot mobbing ligg også på fylkeskommunen sine nettsider.

Kontakt