Nytt utdanningstilbod til hausten: Lær om digitale industriar

Til hausten startar Fagskolen i Kristiansund opp ei ny praktisk retta pilotutdanning innan digital kompetanse, kalla «Digitale industrier». Det er plass til 20 deltakarar, og påmeldinga har starta.

Skriv ut

– Digital kompetanse er noko næringslivet på Nordmøre spør etter, og arbeidslivet i det heile. Spesielt fastlandsindustrien har behov for eit kompetanseløft for fagarbeidaren som sit tett på dei praktiske problemstillingane i bedriftene, seier prosjektleiar og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lasse Kristiansen.

Unikt tilbod

I følgje Kristiansen er undervisningsopplegget også ein ny måte å tenke på, der det blir lagt til rette både for enkelpersonar og for grupper; ei hybrid undervisningsløysing. Kompetansen til fagpersonar som sit ute på arbeidsstaden vil også bli kopla på, og deltakarane skal få bryne seg på utfordringar i eigen bedrift. -Vi trur det vil vere motiverande å lære nye ting når du bruker ny kunnskap direkte kopla til problemstillingar på eigen arbeidsplass, og at det har ein unik verdi for fagarbeidaren og bedrifta, seier han.

Prøveordning med 20 plassar

Tilbodet er i første omgang ein pilot, altså eit prøveordning, kor det frå hausten 2020 er plass til 20 deltakarar. Fagskolen i Kristiansund er i prosess med å bygge kompetanse. Høgskolen i Molde er inne som fagutviklar, og industrien som kjenner problemstillingane innanfrå, er aktivt med i prosjektet.

Peikar fram mot Campus Kristiansund

Alle desse aktørane er også  viktige brikker i Campus Kristiansund, der fagskolen blir ein sentral del frå 2023, påpeiker Campus-prosjektleiar Roland Mauseth.
– Dette nye fagskoletilbodet er ein del av den langsiktige strategien for korleis vi vil jobbe i Campus Kristiansund; Tett på arbeidslivet, samarbeid på tvers mellom fleire fag, og fleire aktørar for å dele kunnskap og ta i bruk ny teknologi, seier Mauseth.

Snarvegar

Kontakt