Ønsker å fortsette med mobbeombod
Fylkeskommunedirektøren anbefaler å vidareføre ordninga med mobbeombod, og at dette blir ei fast stilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkesutvalet skal behandle saka tysdag 24. mars.
Fylkeskommunen har deltatt i den nasjonale prøveordninga med mobbeombod for barnehage og grunnskule sidan september 2018.
I denne perioden og fram til 10. februar 2020 har ombodet mottatt:
- 94 førespurnadar om barn og unge som ikkje har eit trygt og godt barnehage eller skulemiljø
- 50 saker barnehage og skuleåret 2018/2019 og 44 saker inneverande barnehage- og skuleår.
Ombodet har gjennomført 140 foredrag, innlegg og møte med tilsette og føresette i barnehagar og skular, i tillegg til andre aktørar, som ein del av det førebyggande arbeidet.
Viktig for overgangen mellom grunnskole og vidaregåande
I saksframlegget blir det lagt vekt på at mobbeombodet er viktig for å sikre ein god overgang mellom grunnskole og vidaregåande skole, og for gjennomføring av vidaregåande opplæring:
«…ein god «grunnmur» og overgang frå barnehage og grunnskule vil gi ein betre gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring. Det å gjennomføre vidaregåande opplæring har vist seg å vere ein viktig indikator for å lukkast i til dømes arbeidslivet. Det er dermed eit samfunnsøkonomisk perspektiv her som det er viktig, og naturleg for oss som ein regional samfunnsutviklar, å vektlegge».
Samarbeidet mobbeombodet har med elev- og lærlingombodet for vidaregåande opplæring blir også vektlagt i saka.
Styrke psykososialt miljø
Oppgåvene til mobbeombodet har vore å:
· støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø
· jobbe førebyggande med informasjon og opplæring
· Skape dialog og bidra til god tverrfagleg oppfølging
· Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
· Støtte elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø
Ordninga har vore delfinansiert frå Kunnskapsdepartementet. Tildeling for 2021 skjer i 2021 med atterhald om Stortinget si budsjettbehandling.