Ønsker å fortsette med sightseeing i Ålesund

Selskapet Strömma Norge AS har søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om å forlenge rutekonsesjonen om hop on, hop off-buss i Ålesund.

Skriv ut

Selskapet har i fleire år drive audiogaida sightseeing med buss i Ålesund, og vil køyre rute på strekninga cruiseterminalen - Sunnmøre museum – Fjellstua - Parken Culture Centre - turistkontoret - The Art Nouveau Centre - Ålesund kirke – cruiseterminalen. Strömma Norge AS søker no om å forlenge løyvet, fordi det noverande går ut 30. mai 2022.

Fylkeskommunedirektøren er innstilt på å gi selskapet løyve dei neste ti åra, med nokre føresetnader, blant anna at det må bli brukt bussar som er universelt utforma.

Strömma Norge AS skriv i sin søknad at drifta er sesongbasert, normalt mellom 1. mai og 15. september. Og dei trur på at turiststraumen vil auke: «Det er en generell forventning om økning av turisttilstrømmingen til Ålesund. Vårt produkt henvender seg særlig til cruisemarkedet, og bidrar til å spre de besøkende ut av sentrum og inn til attraksjoner i og rundt Ålesund», skriv dei i søknaden.

Søknaden blir behandla av samferdselsutvalet tysdag 3. mai.

Snarvegar

Kontakt