Ønsker internasjonal satsing på berekraft ved Campus Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og FN-organisasjonen United Cities har planar om å starte berekraftutdanning av unge nyutdanna menneske frå heile verda.

Skriv ut

Toppkandidatane skal bli rekruttert gjennom nettverket til United Cities, som arbeider med berekraft over heile kloden. Etter eit internship-opphald ved Campus Kristiansund over seks til åtte månadar, er målet at dei skal dra ut i verda og sette i gang nye berekraftsprosjekt i eigen regi.

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren: «Etablering av eit internasjonal program for berekraft vil forsterke Campus Kristiansund, gi draghjelp til fagmiljøa på Campus og bidra til nasjonal og internasjonal synlegheit. Det vil bidra til å plassere etablerte og nye utdanningar på campus i blikkfeltet til framtidige søkarar til høgare utdanning, slik at vi kan få fleire studentar til Møre og Romsdal.»

Ber om løyvingar

Fylkeskommunedirektøren ber fylkestinget løyve ein million kroner i tre år til ei prosjektstilling som vil vere prosjektleiar/dagleg leiar for programmet. Og to millionar kroner årleg til drift av programmet i ein avtaleperiode på tre år. Beløpet blir redusert til ein mill. kroner årleg så snart private sponsorar kjem på plass.

Kristiansund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og den FN-tilknytta organisasjonen United for Smart Sustainable Cities (U4SSC) samarbeider om utvikling på berekraftsområdet. Samarbeidet har vore tett og godt, og partane ønsker no å ta samarbeidet eitt steg vidare og samtidig styrke den vidare utviklinga av Campus Kristiansund.

Smart berekraftig utvikling

No vil dei altså i gang med eit internasjonalt program for smart berekraftig utvikling, på Campus Kristiansund. Målet er å utdanne «changemakers» - endringsagentar for berekraftig utvikling - som kan reise tilbake til heimstaden sin eller ut i verda og sette i gang nye berekraftsprosjekt i eigen regi. Dei skal lære om U4SSC-metodikken, analyse av data, finansiering og leiarskap i berekraft.

Programmet er tenkt etablert med et lite pilotkull frå hausten 2022. Kandidatane på dette første kullet vil også få vere med og utvikle programmet vidare, og skalere det opp til full etablering på Campus Kristiansund frå hausten 2024.

Saka blir behandla av fylkesutvalet torsdag 9. juni, før fylkestinget gjer endeleg vedtak måndag 20. juni.