Ønsker meir pengar til Den kulturelle skolesekken

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har vedtatt å be kulturministeren om å auke den framtidige ramma for Den kulturelle skolesekken (DKS), slik at ordninga kan bli tatt i vare på ein god måte også for framtida.

Skriv ut

Tildelinga til DKS til Møre og Romsdal for skoleåret 2020/2021 er redusert frå året før. Det skuldast ein nedgang i spelemidlar  til  Kulturtanken, som forvaltar ordninga.

- Det er ei utvikling vi er bekymra for, seier leiar i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter. Med reduksjon i tildelingane, fryktar eg at elevane våre skal få færre møte med kunst og kultur gjennom året. Derfor ber vi no kulturministeren om å ta grep, seier Krogsæter.

20 år med den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken er ei nasjonal ordning som gir alle skoleelevar, i grunnskole og vidaregåande skole i Norge, profesjonell kunst og kultur kvart år. Gjennom ordninga får elevane moglegheit til å oppleve, bli kjent med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Ordninga er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, alle landets fylkeskommunar og kommunar.

Neste år har DKS vore ei nasjonal ordning i 20 år. Møre og Romsdal fylkeskommune bidrog sterkt med å få denne ordninga på plass. Derfor er det også viktig for fylkeskommunen at ordninga er sikra for framtida.

Dei økonomiske rammene for DKS har sidan 2003 vore basert på dei statlege spelemidlane. Stadig fleire ordningar og tiltak blir finansiert frå speloverskotet frå Norsk Tipping. Fordelinga til kulturformål, som DKS er ein del av, får berre 18 prosent av dette overskotet. Til samanlikning går 64 prosent til idrettsformål. DKS er i ei stadig veksande konkurranse med andre om midlar.

Demokratibygging

- Å sikre den kulturelle skolesekken for framtida er viktig for oss. Kunst og kultur bidrar til å skape gode medborgarar, noko som er viktig for den kontinuerlege bygginga av demokratiet i landet vårt. Det gjer ordninga særleg verdifull, seier Krogsæter.

Kontakt