- Ønsker ungdom frå Møre og Romsdal til Ungdommens distriktspanel

Er du ungdom og interessert i distriktspolitikk? Har du tankar om kva som skal til for at unge vil bu, arbeide og investere framtida si på bygda? Då kan du søke om å delta i Ungdommens distriktspanel.

Skriv ut

Det er Distriktssenteret som oppmodar ungdom i Møre og Romsdal til å søke om å delta i panelet. Søknadsfristen er allereie 17. november, så interesserte kandidatar må hive seg rundt

I panelet skal det sitte 10 ungdommar, ein frå kvart fylke utanom Oslo, i alderen 14 – 23 år. Panelet skal arbeide frå januar 2020 til mai 2021, ha fire samlingar, hente informasjon, og  teste idear og løysningar på den moderne distriktspolitikken. Ungdomen som blir valt frå Møre og Romsdal vil samarbeide med ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Framtidas distriktssamfunn

- At regjeringa no ønsker å høyre direkte frå distriktsungdommen korleis dei kan vere med å skape framtidas distriktssamfunn lover veldig godt for oss som bur på bygda og i utkant-Noreg, seier nestleiar i ungdomspanelet Ole August Iversen.

Arbeidet til Ungdommens distriktspanel skal munne ut i 10 råd om framtidas distriktspolitikk som dei skal overlevere til regjeringa våren 2021.

Interesserte kan søke om å delta på Distriktssenteret sine websider.

Kontakt