Ønskjer avklaringar i Geiranger før ein kan tildele nye løyver
Selskapet Cruise Service AS har søkt om løyve til persontransport med båt mellom Hellesylt og Geiranger, medan The Fjords har søkt om løyve til ferjedrift på same strekning. Grunna nødvendige avklaringar rundt hamneområdet på Hellesylt og nye regelverk for ferdsel i fjordsystemet, finn ikkje fylkeskommunedirektøren å kunne imøtekome søknadane.
Dette går fram av framlegget til begge sakene som skal behandlast i samferdselsutvalet onsdag 1. februar.
Cruise Service AS har drive sightseeing og turistverksemd i Geiranger i fleire år, og noverande løyve gjeld ut kalenderåret 2025. Selskapet opplyser i søknaden at dagens tidshorisont er for knapp til å forsvare investering i nytt fartøy og vidare satsing i fjorden. Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i saksframlegget at det sett frå løyvehavarane sin ståstad er eit høgst forståeleg ønske.
The Fjords søker om forlenging av selskapet sitt ruteløyve i det kommersielle ferjesambandet Geiranger – Hellesylt, som dei har drive i ei årrekke, først som MRF og Fjord1. Det noverande ruteløyvet gjeld ut kalenderåret 2025. Selskapet ser føre seg å oppgradere dei gamle fjordferjene til fullelektrisk drift, og bruke desse på strekninga.
Krav om nullutslepp frå 2026
I 2026 trer regelverket for nullutslepp i kraft for verdsarvfjordane, deriblant Geiranger. Hellesylt ligg ved innseglinga til Geirangerfjorden, og her er ein i ferd med å gjere ei moglegheitsstudie av kaier og infrastruktur. Nullutsleppsvedtaket inneber mellom anna at cruisebåtar og andre skip som går på fossilt drivstoff ikkje lenger kan segle inn i det populære verdsarvområdet.
Fylkeskommunedirektøren opplyser i saksframlegget at det er først er når ein får vurdert resultatet av denne studien at ein kan gå vidare med arbeidet med reguleringsplan. Studien skal vere klar våren 2023, og målet er at godkjent reguleringsplan skal ligge føre innan juni 2024.
Alternative transportløysingar kan bli aktuelt
Stranda kommune er kritisk til å tildele løyve før ein veit meir om den nye kaia på Hellesylt, og korleis nytt regelverk for ferdsel på fjorden vil bli etter 2026. Det er mellom anna skissert utfordringar knytt til havbotn og andre forhold i samband med hamneområdet på Hellesylt. Dei veit ikkje enno om det i det heile tatt er mogleg å etablere ny ferjekai, og det kan i så fall vere aktuelt å sjå etter andre transportløysingar mellom Geiranger og Hellesylt.
Før ein veit meir om dette, er det fornuftig å vente med tildeling av løyve.
I saksframlegget kjem det fram at Stranda kommune også ventar på avklaring frå Samferdselsdepartementet om det blir aktuelt med ein såkalla «blå korridor» i Sunnylvsfjorden. Ein blå korridor inneber at cruiseskip og andre båtar fritt kan passere gjennom Synnylvsfjorden til Hellesylt. Det er så eit ønskje at cruisepassasjerar kan bli frakta derifrå og inn fjorden til Geiranger i utsleppsfrie båtar.
Fylkeskommunedirektøren opplyser også at eit kommersielt løyve utan einerett, som Cruise Service AS og The Fjords AS søker om, ikkje gir tryggleiken dei etterspør. Det kan komme moglege konkurrentar, eller så kan løyva i visse høve trekkast attende av løyvestyresmakta.