Omfattande kunnskapsgrunnlag om Møre og Romsdal

«Utfordringar og moglegheiter for Møre og Romsdal mot 2030 - Kunnskapsgrunnlag til Regional planstartegi og Fylkesplan 2021 – 2024». Dette skal danne grunnlag for vegval for administrasjon og politikarar dei neste fire åra. FN sine berekraftsmål er lagt til grunn.

Skriv ut

Lokalpolitikarar og fylkespolitikarar skal i kommande fireårsperiode ta mange viktige val for utviklinga av Møre og Romsdal. Då må både administrasjonen og politikarane ha kunnskap om kva som kjenneteiknar fylket vårt, kva vil påverke oss, kva for fortrinn har vi og kor heng vi etter.

Fylkeskommunen skal i løpet av det første året i kvar fylkestingsperiode utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar. Dokumentet som no er klart, er kunnskapsgrunnlaget for denne regionale planstrategien. Målgruppa er derfor i første rekke lokale og regionale politikarar, men vi håpar at det også kan vere av interesse for planleggarar i kommunar og statsetatar, media, utdanningsinstitusjonar og andre.

Regjeringa har bestemt at FN sine 17 berekraftmål skal vere det politiske hovudsporet, og det som skal leggast til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Dette kunnskapsgrunnlaget er derfor organisert etter dei tre dimisjonane for berekraftig utvikling, miljømessig-, sosial/kulturell- og økonomisk berekraft.

Denne tilnærminga har gitt dokumentet ei stor fagleg breidde, der særleg miljø, klimatilpassing og sosiale tilhøve har fått større plass enn i det førre kunnskapsgrunnlaget. I den vidare planprosessen må vi prioritere og spisse kva utfordringar og moglegheiter vi skal gripe fatt i.

Sjølv om dette kunnskapsgrunnlaget har vorte omfattande, er det ikkje råd å dekke alt som er relevant. Andre publikasjonar frå Møre og Romsdal fylkeskommune som Oversikt over folkehelsa,  Fylkesstatistikk og kommunestatistikk er viktige supplement. Desse finn du her: www.mrfylke.no/statistikk

Vi håper at kunnskapsgrunnlaget vil stimulere til gode politiske debattar, og vere til nytte for alle som skal vere med å stake ut kursen for samfunnsutviklinga både regionalt og lokalt i Møre og Romsdal.

Dokumenter

Kontakt