Opna ny utstilling av spektakulær myntskatt

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad fekk æra av å opne den nye utstillinga av Rundeskatten.

Skriv ut

Det skjedde tysdag på Runde miljøsenter.

I dag 6. juli er det nøyaktig 50 år sidan at over 50.000 myntar – derav 6.000 gullmyntar – blei funne på havbotnen utafor Runde. Vraket av det nederlandske frakteskipet «Akerendam», som forliste på sin jomfrutur i 1725, inneheldt det som mange berre kan drøyme om: Den store skatten.

Rundeskatten blei funne av dei tre sportsdykkarane, Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale.

I ei særstilling

- Rundefunnet er eit av dei mest spektakulære arkeologiske funna i landet og er i ei særstilling i fylke vårt. Det er gjort ein del marinarkeologiske funn også hos oss opp gjennom åra, men ikkje noko kan måle seg med funnet frå Runde, sa Ringstad i sin tale under opninga.

Han sa at å finne bortgøymde skattar er noko som fascinerer og som bur i mange av oss.

- Eg skal ikkje seie at Rundeskatten var grunnen til at eg ble arkeolog og starta på arkeologistudiet i Bergen fire år etter at funnet ble gjort, men den var med å pirre fantasien og fascinasjonen om fortida og om historia vår, sa Ringstad.

Størst i Europa i 1972

Rundeskatten blir rekna som ein av dei største myntskattane i verda og skal ha vore den største i Europa da han blei funne i 1972.

Rundeskatten hamna først i Bergen, men kom «heim» til Runde i 2011.

- Det blei laga til ei fin utstilling også den gang, men no har vi fått heva kvaliteten på formidling av Rundeskatten enda meir. Det har blitt ein svært flott utstilling i høve 50-årsmarkeringa, som eg håpar mange vil komme og sjå, sa Ringstad.

Kontakt