Opnar for reduksjon av bompengetakstar på Nordøyvegen
Fylkeskommunedirektøren orienterte i dag fylkesutvalet om at ho før helga mottok brev frå samferdselsdepartementet, der det vert opna for å sjå på moglege løysingar for å redusere bompengetakstane på Nordøyvegen.
I brevet skriv departementet at dei tolkar Prop.93 S (2021-2022) slik at det er opna for at ev. frie fylkeskommunale midlar/ tilskot kan nyttast til å redusere takstar dersom fylkeskommunen heller ønsker dette framfor kortare innkrevjingsperiode. Vidare skriv dei at ved ein takstreduksjon må eit inntektstap anten bli dekt av fylkeskommunale midlar/tilskot eller i form av ein eigen særskilt garanti frå fylkeskommunen, og at dette må skje i samråd med bompengeselskapet og Statens vegvesen som takstmyndigheit. Ein eventuelt ny garanti må leggast fram for Kommunal- og distriksdepartementet for ny godkjenning, då føresetnadane for den allereie godkjente garantien er endra.
Fylkeskommunedirektøren er no i dialog med bompengeselskapet Vegamot AS om dei økonomiske konsekvensane av ei takstnedsetting. Fylkeskommunedirektøren vil legge fram saka til politisk behandling så snart dette let seg gjere.