Opning av framdør på bussane i Hustadvika, Aukra og på Midsund

Frå og med måndag 20. juli vil det igjen være påstigning gjennom framdøra på bussane som opererer i Hustadvika og Aukra kommunar samt på Midsund.

Skriv ut

Det har blitt gjennomført befaring med følgande risikovurdering på bussane som Boreal Buss AS køyrer på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Representantar frå Boreal Buss AS, verneombod og tillitsvalt, FRAM og bedriftshelsetenesta har deltatt i risikovurderinga. Dette blei gjort i tråd med den gradvise gjenopninga av samfunnet, og at smittesituasjonen er no blitt vurdert til gult farenivå.

- Sikkerheit kjem alltid først i Boreal. Saman med vår oppdragsgivar og våre medarbeidarar har vi etter befaring og risikovurdering funne det forsvarleg å opne framdøra på bussane. Vi vil oppretthalde forsterka reinhald på bussane, og oppmodar våre reisande til å følgje gjeldande retningslinjer for å hindre smittespreiing. Kollektivreisa skal være trygg både for våre passasjerar og våre sjåførar, seier dagleg leiar Martin Reberg i Boreal Buss.

- Som ein konsekvens av at framdørene opnast, kan igjen kundar som nyttar seg av FRAM sitt tilbod i desse områda bruke bankkort. Dette gjer det enklare å betale for enkeltbillettar samt å fylle på periodebillettar og verdikort, seier Konrad Lillevevang seksjonsleiar i FRAM.

Av smittevernhensyn må følgande forutsetningar oppfyllast:

  • Kontant betaling skal framleis ikkje førekomme
  • Ved påstiging skal kundar stoppe i trappa for validering av periodebillett, verdikort, mobilappen FRAM eller betaling med bankkort
  • Alle passasjerar skal nytte bakdøra ved avstiging
  • Fremste seterad er avstengd og skal ikkje nyttast

- Vi er svært glade for at framdørene igjen blir opna. Boreal Buss AS har vore proaktive og løysingsorienterte i prosessen som leda fram til beslutninga om å opne framdøra. Vi håpar å få til identiske prosessar med andre operatørar som framleis held fast på praksis om stengd framdør avsluttar Lillevevang.

Desse retningslinjene gjeld framleis:

  • Ikkje reis kollektivt om du er sjuk, kan vere smitta eller er i ei risikogruppe
  • Hald 1 meter avstand til sjåfør og til andre reisande når du venter på buss eller hurtigbåt
  • Vent med å gå om bord til alle har komme seg ut
  • Unngå unødvendig fysisk kontakt
  • Ha god hygiene, bruk armkroken eller papir om du må hoste eller nyse

 

Kontakt