Opning av Skarabakken i Herøy kommune

Fredag 21. juni vart utbetringa av Skarabakken offisielt opna av leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Sørheim.

Skriv ut

Vegstrekninga ligg mellom Fosnavåg sentrum og Fosnavåg kyrkje og var tidlegare smal, svingete og bratt. Utbetringa har gitt ein tryggare veg for dei som går og syklar og vegen har fått to køyrefelt. Det var i utgangspunktet planlagt om lag 360 meter ny veg i eksisterande trasé med fortau på begge sider av vegen. Etter avtale mellom Herøy kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vart strekninga utvida  med ca. 120 meter fortau.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som eig vegen. Prosjektet er utført av Statens vegvesen med Mats-Andre Lied som prosjektleiar og byggherre og Aurevoll & Furesund AS som entreprenør.

Prosjektet har kosta 37,5 millionar kroner. I tillegg til 360 meter ny veg, inkluderer dette kjøp av tre hus og støyreduserande tiltak for fire bustadar. Herøy kommune har finansiert i underkant av 4 millionar kroner for fortauet på ca. 120 meter.