Oppdaterer kunnskap om geologi og mineral
Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) startar eit treårig prosjekt for å oppdatere kunnskapen om geologi og mineral i Møre og Romsdal.
Som eit resultat av auka kunnskap skal kartlegginga av ressurspotensialet i fylket legge grunnlaget for mogleg næringsutvikling i framtida.
Tysdag sa kultur-, næring- og folkehelseutvalet einstemmig ja til prosjektet.
Oppstart 1. mai
Dei totale kostnadane er stipulert til 15 mill. kroner over tre år med oppstart 1. mai 2022. Møre og Romsdal fylkeskommune sin del vil vere 7,5 mill. kroner.
Det har ikkje vore gjort geologiske undersøkingar og oppdatering av kunnskapen om mineralressursane i Møre og Romsdal av større omfang på mange år. Dei geologiske karta er gamle og med dårleg oppløysing, og Møre og Romsdal har derfor eit mangelfullt kartlagt ressurspotensial.
Vurdere vidare undersøkingar
I Regional planstrategi 2020-2024 er det bestemt at det skal utarbeidast eit kunnskapsgrunnlag for mineralressursar og massehandtering. Formålet er å skaffe meir kunnskap og vurdere behovet for vidare undersøkingar på grunnlag av denne.
Innsamling av kunnskap er delt i to delar:
- Oppdatering av kunnskapsgrunnlaget for geologi og mineralressursar
- Oversikt over massar, masseflyt, aktørar og ansvar
Må komme vidare
Fylkeskommunedirektøren meiner det er på høg tid å komme vidare med kunnskapsinnhenting og kartlegging av geologien og mineralane i Møre og Romsdal.
«Det er framforhandla eit prosjektforslag med NGU som gir rammer for arbeidet dei næraste tre åra, med eit innhald som blir viktig med tanke på å auke kunnskapen og medvitet om kva vi har av ressursar og moglegheiter i Møre og Romsdal», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.
Det skal bli nedsett ei brei samansett interessentgruppe i Møre og Romsdal for innspel til-, og gjensidig informasjon om prosjektet.