Opplevd feil prising på reise med ferje?

Nokon reisande har opplevd feil prising ved reise på ferje. Dette skuldas ein feil hos leverandøren Skyttel. Alle reisande som har opplevd dette skal no ha fått tilbakeført eventuelle utlegg. 

Skriv ut

I samband med koronasituasjonen blir bilar på ferje no registrert ved skiltgjenkjenning. Data frå denne innsamlinga blir sendt inn til Skyttel, selskapet som administrerar autopassordninga for ferje, men kundane skulle ikkje blitt belasta for ferjereisene då det framleis diskuterast korleis dette skal gjerast.

Det er oppdaga at det er blitt gjort ein feil hos Skyttel, og at alle registrerte reiser er blitt belaste kunden sin autopasskonto etter autopassregulativet. Dette regulativet har høgare prisar enn gjeldande regulativ, og er enno ikkje innført i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune har og bestemt at kundane ikkje skal bli belasta for ferjereiser før det er avklart kva pris som skal belastast.

Alle beløp som er belasta i samband med feilen som oppstod, er tilbakeført til dei kundane det gjeld.

Kontakt