Opplevingsfestivalen i Møre og Romsdal 2021

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer aktørar innan reiseliv, lokalmat, aktivitetar, festivalar, kunst, hotell, transport og andre opplevingsnæringar i Møre og Romsdal til opplevingsfestival i Molde 23. og 24. september.

Skriv ut

-Pandemien har gått hardt ut over opplevingsnæringa, og med årets festival ønskjer vi å markere ein restart, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther. -Festivalen er ei glimrande anledning til å knytte nye kontaktar på tvers av bransjane, noko som igjen kan føre til utvikling av nye opplevingar, opplevingsprodukt og nye prosjektsamarbeid, seier Sæther.

Covid-19: Festivalen blir planlagt etter nasjonale retningslinjer for arrangement. 

Gå til mrfylke.no/kalender for å melde deg på

Festivalprogrammet er under utarbeiding, og stikkord er berekraft og digitalisering. -Vi kan freiste med ei knallgod atmosfære, dyktige, inspirerande og motiverande innleiarar og topp underhaldning. Her får du treffe hyggelege kollegaar, både kjende og nye, seier prosjektleiar for festivalen, Monica Elin Mohr Gjesdahl. 

Blant namna som er klare finn vi Eirik Norman Hansen. Han er bedriftseigar og ekspert på digitalisering, med vekt på å forbetre kundeopplevinga. Eit anna namn er Yngvar Wilhelmsen, kjend som «hypokonderlegen frå Bergen». Han kjem med foredraget «(Reise)livet er eit usikkert prosjekt».

Opplevingsfestvalen er ein del av satsinga Reiseliv, mat og kultur, som no er i siste fase. - Opplevingsfestivalen har dei to siste åra hatt om lag 100 deltakarar, og vi håpar å sette ny rekord i år. Tanken er at opplevingsfestivalen skal forsette som ein årleg møteplass, seier Sæther. 

Kontakt: prosjektleiar Monica Elin Mohr Gjesdahl, mobil 40008590 | monica@2469reiselivsutvikling.no